Fôrflåten Borghild. Foto: Salmon Group.

Ei velfortent merksemd for Borghild og Erling

Då E. Karstensen Fiskeoppdrett skulle døype den nye forflåta si, fann dei det på sin plass å kalle opp att Borghild, mor til dagens drivarar av familieverksemda.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Karstensen-familien driv lakseoppdrett ved Fanøy i Flora kommune. I dag er tredje generasjon aktive i drifta. No har verksemda funne tida moden for å heidre gründerane, med den splitter nye fôrflåta“Borghild”, og flotte informasjonsskilt om bedrifta si historie, opplysar Salmon Group.

Der kan du mellom anna lese dette om bakgrunnen til E. Karstensen Fiskeoppdrett:

Eventyret starta då telefonen vart automatisert og Erling Karstensen måtte slutte som telefonstyrar i Batalden. Familien hadde også ansvaret for Posten og båtekspedisjonen. Erling Karstensen ville finne på noko anna. Han var glødande interessert i fiskeoppdrett, i ei tid då ikkje alle hadde trua på dette.

pioner innen oppdrett

Familien Karstensen har drive oppdrett sia 1971 og var mellom dei første som sette ut laks i sjøen. Erling arbeidde dag og natt og laga det meste sjølv. Det starta med eit flytande anlegg av trykkimpregnert materiale og isopor. Seinare bygde han eit landfast anlegg av jernbaneskjener som nøtene hang mellom. Det vart kjøpt eit fryseri i Vesterålen som han flytta og sette opp på Fanøy i Batalden, og i tillegg bygde han våtfôrkjøkken. Erling Karstensen vart ein av pionerane i denne næringa i Sogn og Fjordane. I 1983 – då han var i ferd med å kjøpe nytt anlegg – døydde Erling Karstensen. Kona Borghild og sønene Ståle, Geir og Nils Tore stod att med ansvaret for selskap, fisk og anlegg. Familien slakta oppdrettsfisken på eige slakteri fram til 1988.

I dag er det sønene Geir og Nils Tore som eig selskapet. Dei har teke utdanning innan akvakultur og arbeider med oppdrett på heiltid. Neste generasjon deltek og aktivt i arbeidet.

Skilta vart avduka i helga, i samband med opninga av bedrifta sitt nye driftsbygg. Kring 50 naboar kom for å ta del i moroa, med kaffi og kaker, omvisning og tur ut til den nye fôrflåta, opplyser Salmon Group.