Det er vårutsett og Eide Fjordbruk har denne veka satt ut 140.000 smolt, som dei meinar er eit sikkert vårteikn i oppdrettsnæringa. Video: Eide Fjordbruk.

- Vårutsett er eit sikkert vårteikn

Denne veka har 420.000 ørretsmolt vert utsett i Osterfjorden. Her har smoltanlegget stått brakk i over fire månadar. Onsdag slapp Eide Fjordbruk ut den siste lasta på 140.000 smolt, som er eit sikkert vårteikn i oppdrettsnæringa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv selskapet i ei oppdatering på Facebook. 

– Me slepp ut smolten når det er stigande temperatur i sjøen, og det brukar å vere i slutten av mars. Då er det mellom åtte og ti gradar og smolten kan få vekse seg stor til vinteren, når det er lågare temperatur, fortel Stein Inge Holstad, driftsleiar i Osterfjorden.

Smoltstorleiken varierer frå 80 gram til 350 gram. Smolten til Eide Fjordbruk har vore på Frøfisk sitt settefiskanlegg i Rogaland og har ei vekt på cirka 220 gram. No skal smolten ete seg opp til mellom fire og seks kilo, og vert slakta når den er rundt 12-14 månadar gammal.

Stein Inge Holstad, driftsleiar i Osterfjorden seier smolten skal no ete seg opp til mellom fire og seks kilo, og vert slakta når den er rundt 12-14 månadar gammal. Foto: Facebook.

– Me set ut smolt to gongar i året annakvart år i Mundal og på Fyllingsnes. Konsernet har bestemt at vi skal sleppa ut smolt kun i partallsår, forklarer Stein Inge.

Ein smolt er ein liten fisk som begynner å bli klar for å leve i sjøen.

– Yngelen lever i ferskvatn når den er på settefiskanlegg. Vi kallar det for smoltifisering når smolten toler saltvatn.

– Korleis er stemninga blant smolten? Kan gleda samanliknast med fornøgde lam som skal ut på vårbeite etter å ha vore lenge inne?

– Ja, det kan kanskje det, men vi ser ikkje så mykje til smolten dei første dagane. Den brukar litt tid på å finne seg til rette, vasar nede på djupet og har god plass i nota når den er så liten. Etter ei veke ser vi at den kosar seg og det er god aktivitet rundt fôrspreiaren, der den kjem opp og plukkar i fôret. Det kan gjerne samanliknast med aktive sauer og kyr på våren, seier Stein Inge og ler.