Ingvar Martin Landøy har vært med siden oppdrettsnæringens pionertid. Nå er han gått bort. Foto: Cargil.

En oppdrettspioner har gått bort

Gründer Ingvar Landøy har gått bort skriver Landøy Fiskeoppdrett på sin Facebook-side.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ingvar Martin Landøy var gründer av og styreleder i Landøy Fiskeoppdrett.

Selskapet har tre tillatelser og driver oppdrett av laks og ørret, på Værlandet i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Den eldste av tillatelsene er fra 1981.

Det familieeide selskapet har 14 ansatte.

Ein gründer innen oppdrettsnæringen er gått bort så altfor brått. Kvil i fred Ingvar Landøy vår far og mentor igjennom mange år”, skriver Landøy på Facebook-siden.

Minneord fra Havbrukspartner

Havbrukpartner har nylig publisert minneord om Ingvar Martin Landøy. Teksten er skrevet av Øyvind Kråkås og er gjengitt i sin helhet:

Med Ingvar Landøy sin bortgang kjennest det som at ein epoke i norsk havbruksnæring går mot slutten. Ein epoke prega av modige gründerar, mange med bakgrunn frå primærnæringane, som satsa på noko som ingen kunne vite at skulle bli so verdifullt som det vi ser i dag.

Ingvar var ikkje ein mann som søkte media si merksemd, eller kravde mykje plass i det offentlege. Men det var ikkje fordi han mangla meiningars mot. Han var kunnskapsrik, tenkte langsiktig, men kunne og ta raske, sjølvstendige avgjerder.

Eg vart først kjend med Ingvar gjennom Jostein Kråkås, og for meg var desse to eit eventyrleg par av kompisar og kollegaer. Dei hadde det moro ilag, utfordra stadig kvarandre verbalt, men søkte og råd og støtte hos kvarandre. Jostein var industrimannen som blei oppdrettar, Ingvar var fiskaren som hadde gått stega frå næringa sin spede start til storindustri.
Å tilbringe tid med desse profilane var eit eventyr. Ingvar var den lune, smarte, som kunne kome med replikkar som kom fullstendig overrumplande på alle som høyrde på. Jostein kunne vere langpratande og høglytt, bli ståande fast i lange talar. Då var det godt å ha ein kompis som rodde det i land. «Me har høyrt deg no», kunne Ingvar seie, «du må hugse at det går an å fatte seg i kortheit».

Saman med broren Jarl, og dei tre sønene Roar, Helge og Kjell, bygde Ingvar opp Landøy Fiskeoppdrett til å bli ei solid bedrift. I dei værharde sjøområda rundt Værlandet lukkast dei med å bite seg faste i ei næring som til tider har slingra hardt. Etter kvart skulle Ingvar og bli ein viktig medspelar i eksportselskapet Norwell i Florø, der Landøy Fiskeoppdrett saman med ei rekke havbrukarar i Sogn og Fjordane gjekk inn på eigarsida.

Også i Norwell fann Ingvar ein perfekt medspelar i den alltid like livsglade fiskehandlaren Per Vidar Ottesen, mannen som er optimist på absolutt alt utanom laksemarknaden. «Det er visst alltid krise når eg skal selje fisk», humra Ingvar stadig vekk. Han hadde lært seg å tolke nyansane i Ottesen sin marknadsprat. Gjennom samarbeidet i Norwell, vart Landøy Fiskeoppdrett etter kvart også ein av medeigarane i Slakteriet AS, med lakseslakting i Florø og Instefjorden i Gulen.

Ingvar sin aller viktigaste medspelar var kona Else. Ho har vore ei sterk og støttande dame, og eit velkjent andlet i næringa, stadig å sjå ved Ingvar si side. Til liks med Ingvar er ho eit sosialt og humørfylt menneske, med ei stø hand over verksemda og familien. Når ekteparet ein sjeldan gong tok fri, reiste dei rundt med båt eller bubil. Vi håpar at Else framleis vil delta der næringa samlast.

Kjære Ingvar, eg kjem til å sakne deg veldig. Du var ein fantastisk forteljar, og ein god ven. Alltid i stand til å heve humøret i forsamlinga med humor og sjølvironi. Du var eit haldepunkt som hadde stått i stormen mange gongar. På vegne av Havbrukspartner vil eg takke deg for at selskapet vårt har sin eksistens. Utan at du hadde vore den du er, sterk, støttande og sjølvstendig, hadde vi aldri kome oss opp på beina.

Takk for alt, Ingvar.