Prosjektleder Lene Kleppe har fått forskingsmidlar i kategorien Unge forskertalenter. Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Vil forske på steril holaks

I det nye prosjektet vil forskarane lage måtar å klekke berre hofisk, som dei i tillegg vil vaksinere mot kjønnsmodning. Fordelane er fleire.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dette skriv Havforskningsinstituttet på sine nettsider.

- Eg er veldig glad for å få lov til å jobbe med eit så spennande og viktig tema, seier Lene Kleppe i meldinga. 

Ho har nettopp fått tildelt 8 millionar av Norges forskingsråd til prosjektet STERFEMSAL (eller «A new approach to produce all female salmon avoids the use of hormones and can be combined with vaccination to achieve sterility»).

Havforskningsinstituttet fortel vidare at pengane kjem frå Havbruksprogrammet i kategorien unge forskertalent.

Dårlegare velferd

Målet er å finne ein ny metode for å produsere laks av berre hokjønn, utan hormonbehandling. 

Holaks blir nemleg seinare kjønnsmoden enn hannlaks.

- Kjønnsmoden fisk er mer utsatt for sykdom enn fisk som ikkje er kjønnsmoden. Dei veks seinare og har dårlegare kvalitet på filetene. Det er med andre ord betre velferd og økonomi i sein kjønnsmodning, forklarar Kleppe på instituttet si nettside.

Vil løysa miljøproblem

Samstundes skal forskarane forsøke å lage ei steriliseringsvaksine for den same holaksen. Dette skal hindre at den parar seg med villaks dersom den rømmer.

- For å få det til, må me finne proteina som gjer at hofisken sine kjønnsceller blir modne og lage ei vaksine mot dei, seier Kleppe.

- Ei slik vaksine vil kunne redusere ein av dei store miljøutfordringene knyttet til lakseoppdrett, seier ho.

Prosjektet går over fire år og er eit samarbeid med Universitetet i Utrecht.