Her fraktes utstyr til den nye lokaliteten til E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk. Foto: E. Karstensen Fiskeoppdrett As

Ferdigstiller ny lokalitet i Sogn og Fjordane

Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett skal for fyrste gong sidan tidlig 2000-talet setje ut vårsmolt. Dette skal dei gjere på sin splitter nye lokalitet Grunnsøya i Sogn og Fjordane. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett har samdrift, og har ei god stund jobba med å få på plass ein ny lokalitetsstruktur. No skal dei gå fra to, til tre lokalitetar. 

Selskapa fekk nyleg slept ein fôringsmodul med seks bur til den nye lokaliteten, og held for tida på å ferdigstille den nye lokaliteten Grunnsøya, som ligg ved øya Hovden lengst nord i Flora kommune. 

Nils Tore Karstensen er dagleg leiar i E. Karstensen Fiskeoppdrett AS som driv samdrift med Marø Havbruk, og er no svært glad for å få på plass ein ny lokalitet. Foto: Privat.

Dagleg leiar Nils Tore Karstensen i E. Karstensen Fiskeoppdrett fortel til Kyst.no at den nye lokaliteten skal vera på austsida ved Hovden, og det skal settjast ut 400 000 smolt med ein størrelse på omlag 170 gram fyrste veka i mai.

- Det vert spanande med ny lokalitet, og ikke minst setje ut vårfisk. Det har vi ikkje gjort sidan tidleg 2000-talet, seier han fornøgd. 

Les ogsåSamdrift gav gode resultat - vil auke antall lokalitetar

Selskapet ynskjer å utnytta konsesjonane de har i dag enda betre. 

- Vi forventar å auke produksjonen med ca 20%. I tillegg er det viktig å sikre seg lokaliteter, dei er det kamp om, fortel dei to. 

Den største fordelen, seier han, er at selskapa no vert mindre sårbare.

- Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett har fisk på kun to lokalitetar frå før, og er sårbare dersom det skulle kome sjukdom og eventuelle restriksjonar på desse lokalitetane.

Om selskapa:

  • Familien Karstensen har drive oppdrett sidan 1971 og var ein av dei fyrste som sette ut laks i sjøen.
  • Selskapet er eid 50/50 av brørne Nils Tore og Geir Karstensen, og har fire tilsette, pluss ein TAFF lærling. 
  • Marø Havbruk har tre tilsette, pluss ein TAFF lærling.
  • I tillegg leiger begge selskapa inn ein person i fellesskap som jobbar med Internkontroll, HMS og ein del administrasjon.

- Ein ny lokalitet gjev også betre MTB utnytting og forhåpentlegvis jamnare arbeidsmengde og belastning på dei tilsette gjennom året. Me vil også serve Slakteriet i Florø med meir fisk, seier Karstensen, og legg til at slakteriet som dei er medeiger av er viktig lokalt. 

Har tatt seks år

Prosessen med å få på etablera ein ny lokalitet, seier han har vore lang, og har vart i meir enn seks år.

- Søknad vart sendt inn i juni 2012, mens endeleg løyve til drift på lokaliteten ble gjeve i november 2016, fortel han.

Artikkelen fortsetter under bileta.

Kristoffer Karstensen er lokalitetsansvarleg på den nye lokaliteten Grunnsøya. Men 20-åringen er på ingen måte noko fersking på merdkanten. Foto privat.

Ung lokalitetsleder, men ingen fersking på merdkanten

Det vil bli 2-3 personar som skal jobba på denne lokaliteten. Karstensen fortel dei elles vil rullere på personalet mellom lokalitetane avhengig av kor det er størst behov for folk.

- Kristoffer Karstensen (20) vil vera lokalitetsansvarleg på Grunnsøya. Han er ferdig med 4 år TAF-AKVA utdanning i Måløy no til sommaren. Han er 3-genrasjonsoppdrettar som er “født og oppvaksen” på merdkanten, fortel ein stolt Karstensen, som er far til Kristoffer.

Gode råd og oppfølgjing skal 20-åringen få frå både far hans og samarbeidspartner Elin Sveen i Marø Havbruk. 

- Me er framleis driftsleiarar og vil ha det overordna ansvaret, medan Kristoffer vil ha ansvaret for denne spesifikke lokaliteten, seier Karstensen. 

På lokaliteten vil selskapa bruka eit 6 burs Procean-anlegg med integrert fôrflåte. Dette anlegget har blitt brukt på lokaliteten Langeråa sidan det vart levert nytt i 2005, og har nyleg vorte flytta til Grunnsøya. Denne fôrmodulen har ein kapasitet på 170 tonn.