Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant i Venstre. Foto: Jo Straube / Venstre

- Fiskeriministeren må på banen om sjømatruta

- Alle gode krefter må no samarbeide for å sikre framtida for «sjømatruta» til kontinentet, og unngå bråstopp i det viktige arbeidet med å flytte meir godstransport frå veg til sjø.

Publisert Sist oppdatert

Det seier Venstres medlem i Næringskomiteen på Stortinget, Alfred Bjørlo. Bjørlo har i dag på vegne av Venstre sendt spørsmål til Fiskeri- og havministeren om framtida til Sjømatruta, etter at Smyril Line varslar at fraktruta med båt av laks og andre varer mellom hamner i Midt-Norge og Rotterdam vil bli lagt på is etter at prøveperioden er ute.

- Prøvedrifta av sjømatruta syner at sjøtransport er i ferd med å bli eit konkurransedyktig alternativ for transport av fersk laks og andre varer mellom kyst-Noreg og kontinentet, seier Alfred Bjørlo (V).

- Vi ser likevel at det tar tid å få den samla logisitikken rundt dette på plass, og at dei statlege virkemidla for å stimulere til meir godstransport på kjøl ikkje er godt nok koordinert og samordna. Dette er eit vesentleg hinder for å få opp nye, integrerte transportkjeder for godstransport til sjøs med stabile og store nok volum.

- Med dei røynslene vi har fått frå prøvedrifta av «sjømatruta, har vi ein gylden sjanse til å rydde opp i dette. Venstre krev at rammevilkåra for overføring av godstransport frå veg til sjø no blir sett på dagsorden raskt av den nye Fiskeri- og havministeren – og at vi saman kan sikre framtida både til Sjømatruta og andre initiativ for å styrke framtidas klimavenlege sjøtransport, seier Alfred Bjørlo.