Foto: Havforskningsinstituttet.

Havforskingsinstituttet vil etablere seg på Runde

Runde Miljøsenter AS (RMS) har signert ein samarbeidsavtale med Havforskingsinstituttet (HI) der ambisjonen er å etablere ei eiga avdeling med faste tilsette på Runde. Samstundes har RMS og Atlanterhavsparken bestemt seg for leggje til rette for eit tettare samarbeid.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi er godt nøgde med å styrke samarbeidet med både HI og Atlanterhavsparken. HI er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa med verdsleiande kompetanse. Dette passar godt saman med RMS sin spisskompetanse, seier dagleg leiar Nils-Roar Hareide ved RMS.  – Vår forsking er knytt til kystøkologi og samspelet i havet. Å formidle denne kunnskapen ut til folk flest blir berre meir og meir viktig for at vi som havnasjon kan kunne forvalte havet vårt på den beste måten for framtida. Her vil samarbeidet med Atlanterhavsparken også spele ei stor rolle, seier Hareide. – Å fortelje om livet i havet er ei viktig oppgåve for oss, seier han.

Avdelingskontor på Runde

- HI har fleire forskingsstasjonar i Noreg, men ingen mellom Tromsø og Bergensområdet. Vi har lenge vurdert å auke forskingsaktiviteten i Møre og Romsdal, og det høver veldig godt inn i vår strategi å etablere ei avdeling på Runde, seier Sissel Rogne, Direktør ved HI. 

Sjøområda utanfor Runde er eitt av dei mest produktive sjøområda i verda. Mørebankane og Norskehavet er særs viktige leve- og gyteområde for fleire viktige fiskebestandar, slik som t.d. norsk vårgytande sild. På Runde har ein det einaste fuglefjellet i Sør-Noreg og sjøfuglen har ei viktig rolle i økosystemet både langs kysten og ute i havet.

Dei to leiarane meiner det er ein vinn-vinn-situasjon å leggje tilhøva til rette for at nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar skal samle inn og formidle kunnskap om sjøområda utanfor Møre og i Norskehavet.

Utvida samarbeid

RMS har samarbeidd med HI i mange år med innsamling av biologiske prøver, kartlegging av leveområde og gyteområde, og dei legg no grunnlaget for eit utvida samarbeid om ei heil rekkje fagfelt, der både havmiljø, fiskeressursar, akvakultur, og samspelet mellom ulike artar, til dømes mellom sjøfuglane og ressursar i havet, vil vere viktige tema. Eit anna viktig område det skal samarbeidast om, er formidling. Her vil HI og RMS også samarbeide med Atlanterhavsparken. Saman vil desse tre institusjonane formidle både naturkunnskap, bruk og forvaltning av ressursane i havet. 

-Vårt formål som stifting er å formidle livet i havet langs kysten vår på ein mest mogleg ekte måte. Då er samspelet mellom forsking, formidling og forvalting noko som er både viktig og relevant kunnskap for alle våre meir enn 140.000 årlege gjestar. Vi har siste åra utvikla oss målretta mot dette formålet. Noko som har løyst ut bl.a. at det første regionale vitensenteret med marint innhald vert hos oss. Eit tett og nært samarbeid med HI og RMS vil styrke innhaldet i dette arbeidet vidare, seier direktør i Atlanterhavsparken, Tor Erik Standal.

RMS har i haust skilt ut forskingsaktiviteten og kurs/konferansedelen av senteret i to nye selskap. Forskingsaktiviteten er lagt til selskapet Runde Forsking AS, medan kurs/konferanse er lagt til selskapet Runde Konferansesenter AS. – Denne omorganiseringa gjer det mogeleg for oss å utvikle både forskingsarbeidet og konferansearbeidet betre enn i dag. I begge selskapa er vi no på leiting etter nye samarbeidspartnarar som ynskjer å vere med på langsiktig utvikling av RMS basert på Runde si heilt spesielle plassering, seier Nils-Roar Hareide.