I Doxacom vil Jannicke Farstad jobbe med å utvikle redaksjonelle saker på vegne av kundane, mellom anna ved å produsere videoreportasjar og podkast. Ho vil også arbeide med medierådgiving, beredskap- og krisehandtering, samfunnskontakt og presentasjonsteknikk. Foto: Doxacom.

Ny samfunnskontakt i Doxacom

Jannicke Farstad blir samfunnskontakt i Doxacom, og har ein ambisjon om å løfte fram dei som skaper lys langs kysten, kommer det fram i ein pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Etter 15 år som journalist og programleiar i NRK tar Jannicke Farstad til som samfunnskontakt i Doxacom, ei bedrift som arbeider for å gjere havbasert næring internasjonalt attraktiv. 

Doxacom er eit rådgjevingsselskap som har spesialisert seg innan forretningsutvikling, strategi og omdømmebygging for havbasert næring. Verksemda held til på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) i Ålesund. Doxacom har hatt ein fin vekst over fleire år og vart Gasellebedrift i 2019.

Brei kompetanse

Farstader blant tre nye tilsette sidan november 2019.

- Heile mitt vaksne liv har eg snakka med politikarar, bedriftsleiarar og folk på fiske eller på merdkanten. Forsøkt å formidle komplekse saker på ein enkel måte. Den kompetansen ser eg no fram til å dele vidare med kundane til Doxacom, seier ho. 

Dagleg leiar i Doxacom Vibeke Hanssen seier at dei er veldig glade for å ha fått ein dyktig journalist som har lykkast med å sette havnæringa på dagsorden.

- Med si evne til å formidle og engasjere vil Jannicke styrke oss i vår jobb med å posisjonere og bygge omdømmet til maritim næring, sjømatnæringa og energinæringa til havs, leggjar ho til.

I tillegg til å vere bygd opp på djupnekunnskap om havbasert industri, legg Doxacom stor vekt på verdiar som god forvaltning, reine og rike hav, sunn og trygg sjømat, samt berekraftig næringsutvikling. 

- Jannicke vil fylle ei viktig rolle i Doxacom si vidare satsing på berekraft. Ho vil komplettere oss godt med si kreative tilnærming og uredde haldning, seier Hanssen.

Skal skape verdiar

- Oppgåva vår er å skape verdiar for kundane våre, og samtidig vere med på å løyse samfunnsbehov. Tenk deg at vi skrur av lyset i alle hus i Noreg der folk får si inntekt ifrå havet, enten direkte eller som leverandør av produkt og tenester - alt ifrå møblar til vinsjar, skruar, til skipsdesign. Da blir det ganske mørkt langs kysten vår. Eg vil løfte fram dei som skaper lys langs kysten vår, forteljar Jannicke Farstad.

I Doxacom vil ho jobbe med å utvikle redaksjonelle saker på vegne av kundane, mellom anna ved å produsere videoreportasjar og podkast. Ho vil også arbeide med medierådgiving, beredskap- og krisehandtering, samfunnskontakt og presentasjonsteknikk. Kundane vil vere alt ifrå salsavdelingar som jaktar nye kundar, leiargrupper som taklar endringsprosessar, til eigarar som hentar inn frisk kapital.  

Jannicke si interesse for verksemder knytt til fiskeri, havbruk og maritim næring har vekse fram i jobben som journalist i NRK Møre og Romsdal. Der har ho rapportert om at gründerånda lever i beste velgåande, og kva det skaper av ringverknadar. 

- Eg har lyst til å komme enda nærmare der verdiane skapast  og å vere ein del av eit miljø som dyrkar kunnskap, innsikt, nettverk og interesse for havet. Eg gleder meg til å skape noko nytt, avsluttar ho.