Illustrasjonsfoto: Laksens Dag

Laksens Dag 2020 vert avlyst

Styret i Laksens Dag må dessverre informere om at det ikkje vert gjennomført arrangement i år. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Laksens Dag med fagseminar fredag og matfestival på lørdagen skulle ha 10 års jubileum i år. Arrangementet er med åra blitt ein viktig del av Himmel og Hav kystfestival i samarbeid med sildebordet og Kinaspelet. Laksens Dag har fleire frivillige lag og organisasjoner som deltek og som mottek støtte frå arrangementet. Denne helgen er viktig både for lag og organisasjoner, for handelsstanden, samt for næringsaktører frå heile regionen. 

- I styret har vi venta i det lengste med å avlyse, og hadde håpa på at restriksjonane som er iverksette på grunn av Covid-19 pandemien skulle løysast opp tilstrekkeleg for å kunne gjennomføre arrangementet. 

- Vi har kome fram til at det vil vere umogleg å få til gode nok smitteverntiltak, og samstundes gjennomføre eit velykka arrangementet med konsertar, matservering og aktivitetar for born og vaksne. Det er ikkje med lett hjarte vi kansellerer Laksens Dag i 2020, men vi kjem sterkt tilbake i 2021.