Det kreves endel musklar for å dra på plass luseskjørtet hos Flokenes Fiskefarm og fartøyet "Førdefjord" ordna det utan problem. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Luseskjørt er nytt for Flokenes Fiskefarm og gjev gode resultat

Luseskjørt-tiltaka selskapet no har innført meinar dei gjev svært gode resultat på lokaliteten Skorva. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dagleg leiar Magnar Terje Leknes i Flokenes Fiskefarm fortel til Kyst.no at luseskjørt er ei ny investering for dei, og har gjeve svært gode resultat så langt.  

- Vi tok i bruk luseskjørt i fjor haust og det er ingen tvil om at dette virkar. Fisken vart sett i sjøen i september, pr idag har fisken endå ikkje hatt behov for avlusing. Det er ny rekord for lokaliteten Skorva på Askvoll, opplyser han. 

Lokaliteten ligg på sørsida av Førdefjorden  mellom Flokeneset  og Gjelsvika og ein kan sjå den frå fylkesveg 609 ved Skorvetunnelen. Lokaliteten har vore i bruk sidan 2001 og er godkjent for ein  mtb. på 1560 tonn.

Sukessrik lusetelling

Lusetellingen meiner selskapet ikkje kunne ha gått betre. Ei nyleg lakselustelling selskapet hadde, gav dei eitt resultat på 0.03 fasittande-, 0,25 bevegelege- og 0 kjønnsmodne lus i snitt på anlegget. Foto: Flokenes Fiskefarm.

Ei nyleg lakselustelling selskapet hadde nyleg gav dei eitt resultat på 0.03 fasittande-, 0,25 bevegelege- og 0 kjønnsmodne lus i snitt på anlegget.

Leknes seier dei no har satt ut luseskjørt på enda ein av lokalitetane deira og har planar om å sette ut luseskjørt på ein tredje lokalitet til hausten. 

Armé av rognkjeks står klar

Vasskvaliteten sikrar selskapet med å montere ein luftdiffusor i nota, som drar med seg friskt, lusefritt vatn frå 20 meters djup. Leknes påpeikar at dette, saman med luseskjørt og reinsefisk gjev gode resultat for selskapet. 

- Luftdiffusor er eit absolutt "must" no som sommaren banker på døra. Skulle det likevel snike seg inn nokre lus inn mellom skjørta, so har me ein armé av rognkjeks som står klar til å ete bevegelege og kjønnsmodne lus av laksen, skriv selskapet i eitt innlegg på Facebook. 

Det er lenge igjen til 19-generasjonen på Skorva skal slaktast, men allereie no meiner dagleg leiar at selskapet kan slå fast at desse tiltaka, er ein suksess.