Elevar går til verks med lærerike eksperiment. Foto: Newton-rom.

– Med etablering av Newton-rommet ønskjer vi å auke interessa for forsking og realfag

Alt ligg no til rette for etablering av eit Newton-rom i Florø. Etableringa skal sikre energibransjen, havbruksnæringa og anna næringsliv kompetent arbeidskraft i framtida. - Vi ønskjer å trigge barn og unge på teknologi og realfag, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgivar i Flora kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eit Newton-rom engasjerer elevane fordi det er eit teknologisk velutrusta undervisningslokale med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. Barn i barnehagen og elevar på alle årssteg, inkludert vidaregåande skule, vil få delta i ei rekke vel tilrettelagde undervisningstilbod. I Florø blir det særleg fokus på havbruk og energi, melder Flora Kommune. 

Det er om lag 30 Newton-rom i Norge. Det hittil einaste i Sogn og Fjordane er ved Firda vidaregåande skule. Newtonrommet i Florø blir etablert hos FloraFauna Byakvariet og får ein svært sentral plassering i byen.

Den ideelle organisasjonen First Scandinavia eig konseptet Newton-rom. Dei har vore med under planlegginga og har utforma ei løysing som inneheld laboratorium, arbeidsstasjonar og eit amfi. Dette gir ein svært god og inspirerande læringsarena. Dagleg leiar i First Scandinavia, Stian Elstad, ser fram til å ønskje Florø velkomen inn i Newton familien! Han legg til at det i løpet av våren blir 4 nye Newton-rom rundt i landet.

Kvifor etablering?

Ved etablering av Newton-rommet følgjer Flora kommune opp nasjonale føringar.

- Vi har no vore realfagskommune i over eitt år. Vi opplever at barn og unge blir meir motiverte og engasjerte i realfaga når dei ser at faga kan brukast til noko relevant og spennande, seiar Tone Aasrud.

- I framtida skal desse ungdommane vere med på å skape nye berekraftige arbeidsplassar. Gjennom opplevingar i Newton-rommet kan elevane bli inspirert til yrkesval innanfor teknologi og realfag, legg ho til.

Samlokalisering med Byakvariet

Byakvariet er allereie ein attraksjon i Florø. Newton-rommet er med hensikt samlokalisert med akvariet for å skape ei endå sterkare eining.

- Eg gler meg skikkeleg til å kome i gang, seiar Monicha Landøy.

Ho driv FloraFauna Byakvariet og vil få ansvar for den daglege drifta av Newton-rommet.

Undervisningstilbodet i Florø vil også bli tilgjengeleg for elevar frå nabokommunane. Alle klassane får konkret for- og etterarbeid som skal gjerast på eigen skule. Høgdepunktet blir ein aktiv forskardag på Newton-rommet i Florø.

Samarbeid er suksess

Ideen til å opprette Newton-rom kom for vel to år sia då dåverande ordførar, rådmann og kommunalsjef besøkte Newton-rommet i Trondheim. Dei blei inspirerte til å satse på noko tilsvarande i Flora kommune. Sia har det vore tett samarbeid mellom Flora kommune, PetroFlora, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Fram Flora, Statoil og lokalt næringsliv.

Trond Strømgren frå Maritim Forening Sogn og Fjordane og GCE Subsea, Arne Olsen frå Fram Flora og Tone Aasrud frå Flora kommune har som prosjektgruppe jobba fram mot realisering av prosjektet.

- Vi har vore heilt avhengige av støtte frå næringslivet og takkar alle for gode bidrag, seier Trond Strømgren og Arne Olsen.

- Etableringa av Newton-rommet vil sikre rekruttering til næringar som kjem til å oppleve aukande vekst i framtida. Vi er no nesten i mål med finansieringa og vil ha ein avsluttande runde denne veka. Det er framleis mogleg å bli med, avsluttar dei to.

Ordførar Ola Teigen gler seg særskildt over dei mange bidraga frå lokalt næringsliv.

- Samarbeid mellom kommune og private viser seg nok ein gong fruktbart. Og sjølvsagt skal vi trekke fram Statoil. Utan eit stort kontantbeløp, og prosjektstøtte undervegs frå PetroFlora, hadde ikkje prosjektet blitt realisert.

Økonomi

Etablering av Newton-rommet har eit samla budsjett på nesten 4 millionar kroner. Statoils talentprogram Morgendagens helter, der satsing på utdanning og realfag står sentralt, er den største sponsoren med ei løyving på 1,2 millionar, noko som dannar grunnlag for den offisielle nemninga Newton ENGIA-Statoil Energirom.

–Med etablering av Newton-rommet ønskjer vi å auke interessa for forsking og realfag hos dagens unge, og vi håper denne etableringa er eit steg i riktig retning slik at vi saman kan skape læringsvilje og glød hos morgondagens ingeniørar og forskarar, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Statoil.

Mange lokale bedrifter og sponsorar er viktige bidragsytarar. Desse er:

  • Botnaneset Industriselskap
  • Karstensen Fiskeoppdrett AS
  • Marø Havbruk AS
  • Sulefisk AS
  • Steinvik Fiskefarm AS
  • Marine Harvest
  • Laksens dag
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Sparebanken Vest
  • Svanøy Havbruk AS
  • Flokenes Fiskefarm
  • Salmon Group
  • Sogn og Fjordane Energi
  • Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i Sogn og Fjordane