Norske styresmakter fekk grundig TTIP-orientering

- Det er ny giv i TTIP-forhandlingane etter at TPP-avtalen blei inngått. Det er derfor ekstra viktig for EFTA og Noreg å følgje forhandlingane framover, seier EØS/EU-minister Vidar Helgesen etter ministermøte i EFTA måndag 23. november, melder Nærings- og fiskeridepartementet i en pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Den handelspolitiske dialogen mellom EU og USA var ei av dei viktigaste sakene då EFTA sine ministrar møttes i Genève måndag. USAs TTIP-forhandlar Michael Punke gav EFTA-ministrane ei grundig orientering om status i forhandlingane.

- Vi følgjer TTIP-forhandlingane nøye for å kartleggje korleis dei påverkar norske interesser. I tillegg formidlar vi våre synspunkt. Dette gjer vi også gjennom den handelspolitiske dialogen med USA, seier Helgesen.

Endringane i internasjonal handelspolitikk er merkbare. Nyleg inngjekk 12 land rundt Stillehavet ei omfattande handels- og investeringsavtale (TPP). Saman med TTIP, er dette avtaler som har påverka EFTA sitt arbeid.

- Desse avtalane gjer det enda viktigare for EFTA å komme i mål med forhandlingane vi har med for eksempel Vitenam, Malaysia og Filippinene. Vi ønsker også å styrkje relasjonane til land som Australia. Slik sikrar vi at bedriftene våre har best mogelege konkurransevilkår i Asia.

EFTA-ministrane understreka også kor viktig det er å modernisere gjeldande avtaler med Tyrkia, Mexico, Chile og Canada.

Noreg har formannskapet for EFTA hausten 2015. Vi hadde sist formannskapet i 2013.

FAKTA: TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership)

  • Noregs to viktigaste handelspartnarar, USA og EU, forhandlar om ein ny handelsavtale – TTIP – som vil ha stor tyding for verdenshandelen.
  • Til saman utgjer EU og USA rundt 35 prosent av verdensøkonomien.
  • TTIP vil dekkje meir enn 50 prosent av verda sitt BNP og stå for store delar av verda sin handel og direkte utenlandsinvesteringar.