Snorre Kvammen tiltrer den nye stillinga den 1. juni. Foto: Norwell

Ny administrerande direktør i Norwell

Snorre Kvammen er tilsett som ny administerande direktør i Norwell AS. Han tiltrer stillinga den 1. juni.

Publisert Sist oppdatert

Noverande AD, Ingrid Kassen, fråtrer stillinga etter eige ønskje. Ho vil imidlertid fortsette i selskapet si leiing i ein funksjon som økonomidirektør.

Snorre har vore tilsett i Norwell AS sidan september 2018, og har hittil jobba med sal og marknadsføring. Han er frå Florø, utdanna siviløkonom og har tidlegare fleire års erfaring frå m.a. DnB.

Ved den skisserte endringa er det styret i Norwell AS si vurdering selskapet tek vare på verdifull erfaring, samstundes som ein på leiarnivå blir tilført ny kompetanse og «energi».

- I eit perspektiv der selskapet skal utviklast til beste for både tilsette, eigarar og forretningspartnerar er det viktig å balansere slike element i einkvar organisasjon, skriv dei i meldinga.