Frode Melsether. Foto: Coast Seafood

Ny dagleg leiar i SjømatStaden

Frode Melsether er tilsett som dagleg leiar i SjømatStaden.

Publisert Sist oppdatert

Frode Melsether overtek som dagleg leiar i SjømatStaden. Melsether vil tiltre stilliga 01.07.  SjømatStaden får ein leiar med bransjeerfaring som i tillegg har lokal tilhøyrigheit. Frode overtek stillinga frå Lars Endre Myklebust som har fungert som dagleg leiar i oppstartfasen av selskapet. Lars Endre kjem fortsatt til å jobbe aktivt vidare i selskapet.  

Melsether kjem frå Måløy og har bakgrunn frå sjømatbransjen. Han er utdanna Diplomøkonom adm. & ledelse fra Handelshøyskolen BI.

Frode har gjennom 22 år i Coast  Seafood opparbeidd seg kompetanse innan ulike delar av næringa. Den siste perioden har han vore teknisk direktør. 

- Det å få mogelegheit til å være med på denne satsinga lokalt, saman med innovative og engasjerte eigarar som ønsker å bygge stein på stein blir utruleg spanande. Eg gler meg til å  vere med å utvikle eit konsept med fokus på «sjømat for framtida». Samstundes ønsker eg å takke Sverre, Martin og alle kollegaer i Coast-konsernet for ei utruleg kjekk og  lærerik reise gjennom 22 år, seier han.

Styret og eigarar i SjømatStaden er svært fornøgd med tilsettinga av Frode Melsether.