Gro Fivelsdal, rektor ved Dale VGS og Christian Vik frå Akvahub. Foto: Iren Løseth

Nytt vaksenopplæringstilbod i akvakultur

Frå hausten 2022 vert det sett i gang eit nytt vaksenopplæringstilbod som fører fram til fagbrev som fagoperatør i akvakultur.

Publisert Sist oppdatert

I havbruksnæringa ser ein eit tydeleg rekrutteringsbehov i åra framover og Dale VGS samarbeider med Akvahub og havbruksbedriftene for å tilby læreplassar.

Den tette kontakten og samarbeidet med næringa er viktig for å svare på behova i havbruksbransjen framover.

- «Dette pilotprosjektet er spennande, og vi er spente på mottakinga. Næringa så langt har vore svært positiv», seier Gro Fivelsdal, rektor ved Dale VGS.

Det skjer mykje spennande i næringa for tida, både ulike landbaserte anlegg og anlegg på sjø er under oppføring. Dette nye opplæringstilbodet bidreg til at Vestland fylkeskommune sine høge ambisjonar for havbruksnæringa vil kunne realiserast. Då må ein ha utdanningstilbod som gir kunnskap om berekraftig vekst, konkurransekraft og grøn omstilling.

Å leggje til rette for ei fleksibel utdanning for vaksne er mogleg med den såkalla Gloppen-modellen, der det også er rom for lokale tilpassingar. Opplæringa vekslar mellom teori og praksis. At tilbodet i stor grad vert digitalt (i tillegg til samlingar ved Dale vgs), er i tråd med behovet for meir fleksible utdanningar for folk som bur spreidd i Vestland. Tilbodet er finansiert 50% av VLFK og 50% av NAV.

- «Ynskjer ein å skaffe seg kompetanse innanfor ei viktig framtidsretta næring, så bør ein søke innan 1.april», seier Christian Vik frå Akvahub som samarbeider med Dale vgs om læreplassgarantiar.