Overvåkinga av lakselus på utvandrande smolt har starta. Foto: Karin Kroon Boxaspen

Overvakinga av lakselus har starta

Den årlege overvakinga av lakselus langs norskekysten er godt i gang. Også i år blir overvakinga gjennomført som ein kombinasjon av modellert smittepress, garn- og rusefangst av vill laksefisk, bruk av vaktbur og tråling etter utvandrande laks.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Havforskingsinstituttet skriv at måla med overvakinga er å få kjennskap til smittepress av lakselus langs kysten og kor mykje lus det er på vill laksefisk. Det er totalt 50 stasjonar fordelt langs heile kysten. Overvakinga er delvis varslingsbasert slik at spreiingsmodellen for lakselus blir brukt til å velje ut aktuelle stasjonar.

Omfattande feltarbeid

Feltarbeidet som blir gjort i overvakingsarbeidet er omfattande. Heile 17 team jobbar langs kysten for å samle inn nok data til at forskarane kan seie noko om kor mykje lakselus det er på vill laksefisk. I tillegg vert det brukt vaktbur (små merdar der det blir satt ut fisk) for å overvake smittepresset i enkelte fjordar. Vi trålar òg etter utvandrande laks i Hardanger og i Trondheimsfjorden.

Garn- og rusefangst av vill laksefisk startar 23. mai i Sør-Noreg, og etter kvart som sjøtemperaturen stig, vil slik fangst òg bli starta lenger nord. Overvakinga vert avslutta  i Porsangerfjorden i midten av august.

Modellar dekker heile landet

Modellovervakinga dekker heile landet. Overvakinga starta i mars og varer ut sesongen. I spreiingsmodellen vert det plotta inn data frå oppdrettarane som fortel kor mykje lus det er på oppdrettsfisken, i tillegg vert data om temperatur, saltinnhald, straum og vind brukt. På denne måten kan forskarane modellere kvar luselarvane spreier seg etter at dei vert klekte i oppdrettsanlegga. Desse opplysningane vert brukt til å bestemme kva stasjonar som skal undersøkjast grundig gjennom feltarbeid, for å på den måten å verifisere om resultata frå modellen stemmer.

Om overvakinga

Havforskingsinstituttet har ansvaret for den nasjonale overvakinga av lakselus og utfører arbeidet saman med NINA og Uni Research på bestilling frå Mattilsynet.

Det vil kome ein forebels framdriftsrapport i juni og ein til hausten. Den endelege rapporten vert klar rundt årsskiftet.