Jens Martin Gjærum (26) er praktikant i Hauge Aqua og skriver oppgave om Egget. Foto: Hauge Aqua

Skal lage ny modell av Egget

Sidan august har Jens Martin Gjærum (26) vore praktikant hos Hauge Aqua. Han kjem frå Porsgrunn og er glad i endringar. Han har bakgrunn som platearbeidar og som våpenteknikar på ubåt i Forsvaret. No vil han bli ingeniør og studerer marinteknikk på Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv selskapet på sin LinkedIn-profil.

- Eg hadde ikkje høyrt om Hauge Aqua AS før kontaktlæraren min nemnte dei, og er glad for at eg blei gjort merksam på dei. Sjølv om eg er praktikant får eg mogelegheit til å påverka korleis Egget® blir. Ideane mine blir tatt seriøst og det er svært motiverande, fortel Jens.

Framover skal han skrive bachelor-oppgåve om Hauge Aqua kor han skal laga ein ny modell av Egget og modifisera ein modell som allereie er laga.

- Eg har lært mest om korleis eg skal få dokumentert tankane mine og syne fordelar og ulemper. Hauge Aqua har lært meg å jobba meir systematisk, som har ført til at eg er blitt god på å loggføra endringar, seier Jens.