Laks har blitt seld utanfor Viking Fjord si bokføring, gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem. Foto: Alsaker.

Slakterisjef innrømmer sal av svart laks

Viking Fjord AS, som er slakteriselskapet i Alsaker Fjordbruk-konsernet, er blitt kjend med at det over lengre tid har funne stad ulovleg, svart sal av laks frå slakteriet på Sunde i Kvinnherad kommune. No er mannen politianmeldt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Gerhard Meidell Alsaker og Alsaker Fjordbruk meldar no ein tidlegare dagleg leiar ved Viking Fjord AS for underslag. 

Selskapet ser svært alvorleg på saka, skriv dei i ei pressemelding.

Undersøkingar har så langt avdekka at det over tid er eit betydeleg kvantum laks, som er seld mot kontant betaling. Omsetnaden har vorte halde utanfor selskapet si bokføring gjennom manipulering av selskapet sitt datasystem, og har difor heller ikkje vorte momsberekna. 

Har erkjent tilhøvet

Selskapet sin tidlegare slakterisjef/dagleg leiar har erkjent tilhøvet og slutta på dagen, då dette vart kjend, skriv dei.

Viking Fjord AS har meldt saka til politiet, og vil samarbeide med politiet i etterforskinga. Selskapet håpar at politiet si etterforsking vil gje oversikt over omfanget av ulovleg omsetnad, og at den tidlegare slakterisjefen/dagleg leiaren og eventuelle andre, som kan ha gjort straffbare handlingar, vert stilt til ansvar for dette. Viking Fjord AS har sett i verk tiltak for å sikre at ulovleg sal frå slakteriet ikkje skal kunne skje igjen.

Selskapet si verksemd går som normalt, trass i den uro og belasting saka har påført organisasjonen. Hans Helge Vik er konstituert som ny dagleg leiar. 

Kyst.no har spurd samfunnskontakt i Alsaker Kristian Råsberg, om kor lenge selskapet har hatt kjennskap til underslaget.

- Me kan av omsyn til etterforskinga ikkje gje ytterlegare kommentarer enn det som er nemnt i pressemeldinga, seier Råsberg.

Har du en nyhet du ønsker å dele eller sitter på tips om noe som skjer innen havbruksnæringen? Tips oss gjerne på redaksjon@kyst.no og merk emnefeltet med: “Tips”, så kontakter vi deg.