Foto: Øygarden kommune

Slik kan Øygarden bli fiskeri- og havbruksvinnar

Tre kommunar med ulik regulering av havbruksnæringa har slått seg saman. Korleis kan nye Øygarden kommune leggja til rette for at næring knytt til akvakultur kan veksa?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det svarar den ferske rapporten «Moglegheitsstudie for framtidsretta akvakultur i Øygarden» på. 

Samandrag av rapporten:
I regjeringa sin havstrategi Ny Vekst, stolt historie er det peika på ei moglegheit for ei seksdobling i verdiskapinga frå marine næringar i tidsrommet 2010-2050. Denne veksten er fordelt på ulike sektorar som til dømes lakseoppdrett, nye artar, leverandørnæringar og marine ingrediensar. 

Utviklinga vil i stor grad skje langs kysten, og dei regionane som best legg til rette for å utnytte sine ressursar på ein berekraftig måte vil få størst utbytte av veksten.

Basert på dette kviler det eit ansvar for utforming av planar på regionalt og lokalt nivå som legg til rette for utvikling av berekraftige havnæringar. Øygarden kommune har sterke tradisjonar innan havbruk, og har i dag 18 sjølokalitetar for produksjon av laksefisk, tre settefiskanlegg og to slakteri. Som i andre regionar i landsdelen og i Noreg elles er ulike utfordringar knytt til helse og miljø til hinder for vidare vekst. Øygarden har også spesielle utfordringar knytt til forvaltning sidan grensa mellom produksjonsområde (PO i trafikklyssystemet) 3 og 4 går rett gjennom kommunen. 

Med bakgrunn i dei ulike utfordringane går det føre seg ei omfattande teknologivikling innan både landanlegg, lukka anlegg og anlegg for offshore oppdrett. Denne utviklinga opnar for drift med endra miljøpåverking og potensielt større ringverknader for andre næringar. 

Ny type oppdrett

Øygarden har mange typar lokalitetar som ikkje er eigna for oppdrett med konvensjonell teknologi, og har også ei plassering som er attraktiv med tanke på både logistikk og teknologimiljø. Rapporten gjev ei oversikt over ulike prinsipp forbunde med dei ulike teknologiar, og ei analyse av kva for område som er eigna for dei ulike typar teknologiar.

Ny type næring

Øygarden har lang historie og mange ulike initiativ også innanfor havbruk med andre artar enn laksefisk. Oppstart av produksjon med nye artar kan innebere ressurskrevjande prosessar og dokumentasjon om miljø, sjukdom og matvaretryggheit. For å leggje til rette for slike etableringar vil det vere tenleg å gje merksemd til slike næringar i planarbeidet. 

Tilrår eigen sjøarealplan

Det er trong for å revidere rammevilkåra for akvakultur i Øygarden kommune. Mellom anna må næringa ha meir fleksibilitet i arealbruken for å kunne drive meir berekraftig, både økonomisk og med omsyn til økologisk berekraft. Det bør vurderast å skilje ut arealplanen for sjøareala som ein eigen kommunedelplan, for å sikre rask prosess og sakshandsaming.

Rapporten blei bestilt av Øygarden kommune ved Gode Sirklar. Oppdraget blei leia av Akvaplan-niva og utført i samarbeid med Samfunns- og næringslivsforskning (SNF), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norconsult.