Sonja og Ørjan Haugland, ståle torsvik og magne hatlevik Foto: Linn Therese Skår Hosteland

Startar nytt reiarlag med millionsatsing

Gründerane Ståle Torsvik og Magne Hatlevik, går saman og startar nytt reiarlag. Dei startar opp med å investere nær 100 millionar på fire splitter nye spyle og servicebåtar. Med desse skal dei drive vedlikehald av nøter.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Torsvik har gjennom selskapet ANNCA, dei siste tre åra spesialisert seg på notvask.

- Grunna aukande rensefisk-bruk i laksemerdane, er det no vorte eit stort behov for notvask i næringa. Ein vil jo helst at rensefisken skal ete lus og ikkje beite på groe. Hyppig notvask bidreg til dette, seier han til kyst.no.

Han viser til at ein med regelmessig spyling og kan sleppe å impregnere nøtene.

- Å minimere utslepp og det å sleppe kopar-impregnering kan vere positivt for næringa i framtida, legg han til.

Vil bidra på fleire områder

Magne Hatlevik driv i dag eigedomsselskapet AMGM Invest saman med Sonja og Ørjan Haugland. Eigedomselskapet vil halde fram i regi av Sonja, medan Hatlevik skal drive det nye selskapet saman med Torsvik.

- Eg har hatt ein lita tid borte frå næringa og drive med eigedom, men kjende at eg måtte tilbake då det er ei svært innovativ næring, seier Hatlevik.

Det er ikkje utan grunn at samarbeidet om det nye reiarlaget oppsto. Hatlevik stifta nemleg bekjentskap med Torsvik allereie for åtte år sidan, då karane arbeidde saman i Kobbevik og Fureholmen Fiskeoppdrett.

Saman er dei no overbevist, om at det fins ein marknad for at dei nye båtane kan bidra på fleire områder, sjølv om primærsatsinga er notvask.

- Me har mellom anna fått signal på at tilleggstjenester som vask av rensefisk- skjul og andre komponentar i merda og kan verte noko som vil inngå i arbeidet, seier Torsvik.

Gir nye arbeidsplassar

Dei nye båtane vil bli levert til reiarane frå september 2016. Basen for det nye selskapet vert på Austevoll, og vil gje minimum åtte nye arbeidsplassar i regionen.

- I starten vil me tilsette to på kvar båt, men dersom det kjem tilleggsoppgåver og desse vert ein del av jobben vil me måtte trenge ein ekstra ombord. Dette er tatt høgde for på dei nye båtane då dei er egna for tre personar, seier Hatlevik.

- Me har og god tid til å skaffe gode arbeidarar til dei nye båtane. Kanskje me kan hanke inn nokon som tidlegare har arbeida i oljenæringa, legg Torsvik til.

Ettersom reiarlaget er såpass ferskt, har dei førebels ikkje lukkast å finne eit namn på det nye selskapet. Men det legg ingen dempar på entusiasmen til reiarane.

- Me skal tenkje på namnet, så kjem det etter kvart. Me ser fram til å få opp aktiviteten, seier Hatlevik.

Dei fire nye båtane vert bygd på Fitjar hos Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) og har ifølge reiarane eit noko nytt design med nye komponentar. Storleiken på båtane er 15x10 meter og reiarlaget vil med desse ha til saman seks båtar i drift.