Espen Johnsen og Atle Totland (heilt t.h.) viser statsministeren den elektriske kajakkdronen. Dronen blir fjernstyrt frå land eller moderfartøy, og driv kostandseffektiv data- og videoinnsamling langs kysten og i innsjøar. Olav Rune Godø og Rolf Birger Pedersen (heilt t.v.) viste statsministeren rundt i havlaboratoriet. Foto: Marie Hauge

Tidenes teknologitur på Marineholmen

På under ein time fekk statsminister Erna Solberg med seg det aller siste innanfor marin overvakingsteknologi. Aldri før, og neppe igjen, vil så mykje avansert havforskingsutstyr vera samla på ein plass som då statsministeren opna Norsk havlaboratorium på Marineholmen, melder Havforskningsinstituttet (HI).

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det har vore hektisk aktivitet i den store lagerhallen den siste veka. Stort og smått av prototypar på ulik overvakingsteknologi – frå den massive fjernstyrte undervassfarkosten Ægin til den slanke, knall gule  kajakkdronen – er tilkøyrd og montert i anledning opninga, , melder HI i en pressemelding.

Bru mellom forsking og industri

Sissel Rogne, direktør på Havforskingsinstituttet, og rektor Dag Rune Olsen frå UiB ønskte velkommen. Dei la spesielt vekt på de globale perspektivet: Havet spelar ei viktig rolle i dag, men blir enda viktigare i framtida. Då må vi skaffa oss den naudsynte infrastrukturen til å kartlegga ”havskapet” og ressursane der, og samarbeid er ein avgjerande suksessfaktor. Statsminister Erna Solberg plukka opp tråden, og peikte på at Noreg ikkje bare skal vera best på hav her heime, men også i verdssamanheng. Ho var også opptatt av å byggja bru mellom forsking og industri; det som vert oppdaga i forskinga, må i enno større grad koma næringane til gode.

Fast, flytande, fjernstyrt og skipsbasert

Lise Doksæter Sivle arbeider mellom anna med lågfrekvent akustikk og korleis det verkar inn på fisk og andre artar. På stasjonen fekk statsministeren mellom anna høyra opptak av kval. Foto: Marie Hauge

Forskar Olav Rune Godø (Havforskingsinstituttet) og Rolf Birger Pedersen, som er leiar for institutt for geovitenskap på UiB, kan seiast å vera opphavsmennene til det nyopna havlaboratoriet. Dei ga heilt konkrete døme på kva vi har sett og lært takk vere den nye teknologien. Havdjup som aldri tidlegare er utforska, vert no nådd og undersøkt på eit detaljnivå som var utenkeleg tidlegare. Godø og Pedersen tok så Erna Solberg med seg på ein rundtur i lokalet. Havlaboratoriet er delt inn i fire stasjonar som viser skipsbaserte system, havbotnobservatorium, oseanografiske observatorium og marin robotikk. Statsministeren tok seg god tid på dei ulike stasjonane, der ho møtte forskarar, studentar og ingeniørar frå Havforskingsinstituttet og UiB.

Etter det formelle programmet var det sett av tid slik at dei resterande gjesten – nærare 100 i talet – fekk tatt teknologien nærare i augesyn. Dei fleste av industripartnarane var også representert under opninga.