Bilete fra ein tidligare

Treng frivillig til å døype ny båt under open dag

Steinvik-konsernet arrangerer open dag på visningssenteret denne helga, og skal i denne samanheng døype den splitter nye arbeidsbåten Bruvær, og etterlyser ei gudmor.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er åttande gongen arrangementet går av stabelen og selskapet håpar på enda ein besøksrekord. I fjor hadde dei over 1000 besøkande. 

Anne-Karin Vassbotten er som vanleg spent på om dei klarer å slå publikumsrekorden frå i fjor. Foto: Facebook/privat.

Anne-Karin Vassbotten som er leiar for Steinvik Fiskefarm Visningssenter, seier til Kyst.no at dei ynskjer frivillige jenter frå 10 år og oppover til å vera gudmor for det nye fartøyet deira som skal døypast laurdag 12 mai. Arrangementet varer fra 11 til klokken 17.00. 

- Dei kan melda seg på til speaker Per Øyvind denne dagen. Så trekker me ei heldig gudmor. Dette vert eit enkelt, men ærefullt oppdrag. Me har skrive orda som skal seiast, og ordna alt utstyr. Så det er berre å melda seg på, oppfordrer ho. 

Vassbotten påpeiker at sola kjem i år også, og dei skal få storfint besøk av veteranbåten Atløy bygd i 1931, som er den eldste passasjerbåten i Sogn som er tatt vare på etter krigen.

- Det er eit andelslag som eig fartøyet og har resturert den. Det er ein staselig og flott båt, som mellom anna går turar mellom Bergen og Sogn.

Ho fortel 160 kilo laksefilet er ordna til dei besøkande, og Vassbotten påpeikar at dei i år tar høgde for at det kan koma heile 1500 tilreisande. 

Loke Gullaksen har sidan januar telt ned dagane til open dag skal arrangerast. Foto: Steinvik.

Ivrig maskot

Loke Gullaksen er son til ein av dei ansatte i selskapet og er ihuga tilhengar av Open dag.

Vassbottem seier han har vore med selskapet å arrangere dagen dei siste fire åra og har dreve nedtelling til Open dag heilt sidan januar.

- Maskoten vår er svært klar for 12. mai, og oppfordrar alle til å ta turen innom denne dagen. 

Open dag arrangeres for åttande gong i den vetle bygda Eikefjord, og senteret vart opna for fyrste gongen i 2011.

Programmet er som følgjande: 

  • Utstilling frå oppdrettsnæringa - ver med på quiz.
  • Sjå laksen i merdene, og sjå rognkjeksa på nært hald.
  • Du får sjå  nokre av arbeidsbåtane til Steinvik fiskefarm.
  • Båt-turar med raske arbeidsbåtar.
  • Nokre av veteranbilane til dagleg leiar Alex Vassbotten er på plass.
  • Besøk av Sunnfjord Veteranvogn Klubb.
  • Besøk av amcar-bilar.
  • Stand / demonstrasjon av livredding på sjøen v/Røde Kors.
  • Fiskekonkurranse for borna. (Ta med redningsvest for dei minste 0-5 år.)