Sebastian Ludvigsen og Tormod Øverland fra NTNU Ålesund, vil effektivisere oppdrettsnæringen gjennom bedriften Havtekk SB. Foto: Privat

Utviklar ny teneste for sortering av laks i matfiskanlegg

- Vår teneste vil gjere sorteringa på ei ny og skånsam måte, som differensierar seg frå dagens alternativ. Det vil vera ei passiv sortering og med detta vil ein ikkje skapa stress og slitasjeskadar hos fisken, samt at ein vil korta ned antall sultedøgn og produksjonstid betrakteleg, fortel unge gründarar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sebastian B. Ludvigsen og Tormod Øverland, har starta den nye bedrifta HavTekk SB . Øverland et styreleiar og marknadsansvarleg, medan Ludvigsen er dagleg leiar i den nystifta bedrifta

- Sjølve bedrifta vart starta og stifta i oktober i år, medan ideen og tanken bak bedrifta vart sett i gong i byrjinga av september, fortel ungdommane.

Arbeidar for prototype

Den nye tenesta dei held på utvike er rundt sortering av laks i matfiskanlegg sjø. Tenesta skal ifølgje grunderane, gjere sorteringa på ei ny og skånsom måte. Ei passiv sortering, utan stress og slitasjeskadar hos fisken, samt vil korta ned antall sultedøgn og produksjonstida.

- Fôrprosjektet og utredninga rundt prosjektet er ferdigstillit. Her inngår analysering og kartlegging av blant anna økonomi, leverandørar, forretningsplan og den aktuelle marknaden. Me har og vert i kontakt med ulike aktørar som ønskar å hjelpa oss, der i blant Havforskningsinstituttet og Sintef, fortel dei.

Vidare har dei søkt midlar til prototype gjennom prototypefond.

- Planen er å få fyrste fullskala prototype i sjøen øve nyttår, her vil me samarbeida med aktørar innan nettverket vårt og vidareutvikla ideen, legg dei til.

Då sjølve ideen ikkje er patentert endå viser dei ikkje fram prototypen endå, men dei understrekar at tenesta vil gange næringa på fleire områder.

- Det vil korta ned produksjonstida i sjøen. Ein slepp å sulte fisk unødig, når den ikkje skal leverast til slakt. Kundane vil få ut den best betalte fisken til kvar levering. Det vil fremja og betra fiskevelferd. Ein vil få ein større og meir reell oversikt over biomassen til ei kvar tid og bærekrafta vil auka og fôrutnyttinga vil betrast, fortel dei.

Ettersom veksten i oppdrettsnæringa har stagnert de siste åra og næringa igjen skal inn i ei ny vekstfase, meinar dei at løysinga og tenesta dei utvikla kan spele ei sentral rolle.

- Vårt produkt kan også lett tilpassast lukka merdsystem, når den typen teknologi vert tatt i kommersiell bruk, legg dei til.

- Godt rammeverk på Sunnmøre

Til vanleg studerar dei begge på tredje året på Biomarin Innovasjon ved NTNU i Ålesund.

- Me retta oss inn mot havbruk på grunn av bakgrunnen vår frå havbruk. Me har begge arbeidd i næringa i fleire ledd og med det sett utfordringar og innovasjonspotensialet frå fleire perspektiv. Detta skapte grunnlaget for ideen og tenesta me utviklar. I studietida har me og tilegna oss kunnskapen rundt innovasjon og entreprenørskap, samt korleis me skal realisera våre idear, legg dei til.

Dei viser til at Sunnmøre har ei unik blanding av kunnskap og næring.

- Dette gjer at det å vera gründer er enklare her enn andre plassar. Ved god hjelp gjennom skulens veiledarar og mentorprogram får me bygd oss eit solid rammeverk for vidare etablering av bedrift etter fullført utdanning, konkluderer dei om framtida.