Thermolicer til Bremnes Seashore

Bremnes Seashore har bygd båt i kampen mot lakselusa. Spesialfartyet i det nystarta reiarlaget Bremnes Shipping kan avlusa heile 150 tonn laks i timen. Heilt utan bruk av medikament.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Nyvinninga «Eva Elisabeth» skal døypast i Haugesund førstkommande laurdag. Då vert det også «open båt» for alle interesserte.

- Det er ikkje til å leggja skjul på at me er stolte av den nye båten som også er den fyrste i vårt nye reiarlag. Båten var eigentleg eit dykkarfarty, men er bygd om for å stetta våre behov. Den er utstyrt med Thermolicer-løysing, fortel adm. dir. i Bremnes Seashore, Einar Eide i ei pressemerlding frå selskapet.

Og det er Thermoliceren som laksen vert transportert gjennom, som er nøkkelen i kampen mot lakselusa.

- Kort fortalt gir me laksen ei naturleg behandling ved å bada den i 30 grader i eit halvminutt. Har laksen lus vil denne då felle av og døy. Dette er både effektivt og miljøvenleg, slår Eide fast.

Installasjonen om bord på «Eva Elisabeth» er gjort i tett samarbeid med utstyrsleverandøren Steinsvik.

- Me ynskjer å gjera oppdrettsbransjen enno meir bærekraftig. Det same ynskjer Bremnes Seashore. At dei er dei første i Noreg som bestilte Thermolicer illustrerer det. Med to Thermolicer-linjer vil denne båten ha kapasitet til å avlusa over 150 tonn laks i timen, seier adm.dir. Bjørn M. Apeland hos Steinsvik. Han fortel at dei har fått svært gode attendemeldingar både med tanke på fiskevelferda og effekten behandlinga gjer.

Som produsent av SALMA, ei av bransjens sterkaste merkevarer, ser Bremnes Seashore det som heilt avgjerande å vera blant dei aktørane i bransjen som ligg i forkant av utviklinga.

- Me lever av kundane sin tillit. Dei skal vita at me strekkjer oss så langt det er mogleg for at fisken skal ha dei beste vekstvilkåra og at sluttproduktet vert av topp kvalitet, påpeikar Einar Eide.

«Eva Elisabeth» er i forkant av dåpen blitt testa ut på fleire av Bremnes Seashore sine anlegg.

- Erfaringane så langt er svært positive. Me har fått eit verkty som gir oss heilt nye og betre føresetnader i kampen mot lakselusa, seier prosjektleiar for ombygginga, Ernst Olav Helgesen.