Prosjektkoordinator Hans Martin Eide (t.v.), Silvia Tofte i Kvinnherad næringsservice, dagleg leiar Knut Frode Eide, assisterande dagleg leiar Sondre Eide og samfunnskontakt Andreas Moe Larsen vonar anlegg på Hågardsneset får gjennomslag for søknaden om visningskonsesjon. Foto: Morten Nygård, Grenda lokalavis

Oppdrettsanlegg kan bli turistmagnet

Eide fjordbruk ynskjer å syna fram anlegget utanfor Snilstveitøy i Kvinnherad kommune for både turistar, skuleklassar og andre interesserte. Difor planlegg dei investeringar for nærmare 15 millionar kroner til eit nytt visningsanlegg i Hardangerfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eide fjordbruk har fire oppdrettsanlegg i Kvinnherad. Eitt av dei heiter Hågardsneset, og ligg rett vest for Snilstveitøy. No kan anlegget som ligg i Kvinnheradsfjorden, som er ein del av Hardangerfjorden bli ein ny turistattraksjon. Eide fjordbruk har nemleg søkt Fiskeridirektoratet om visningsløyve. Dei vonar på svar før sommaren.

- Vi meiner det er ein veldig god søknad, seier Sondre Eide, assisterande dagleg leiar i Eide fjordbruk til lokalavisa Grenda.

Investeringar på 10-15 millionar

Det grunngjev han med den korte avstanden frå Rosendal og ut til Hågardsneset, samt Rosendal sin status som turistbygd, og ikkje minst med tilknytinga til Folgefonnsenteret. Gjestene vil nemleg starta seansen på senteret som opnar 2. mai. Der vil det koma ei utstilling om havbruk, som Havforskingsinstituttet skal ha det faglege ansvaret for. I tillegg vil deltakarane få sjå ein film om havbruk og ein tryggleiksvideo før dei set seg i båten. Ute på Hågardsneset vert det fyrst ein tur inn i eit eige visningsrom, før det vert ei omvising på anlegget.

- Dei besøkande skal kunna få sjå alt vi held på med her ute. Dei skal òg få vera med og fôra fisken, opplyser lokalitetsansvarleg Trygve Samnøy.

Her på Hågardsneset vonar Eide fjordbruk å få løyve til å ta i mot besøk frå turistar og fastbuande. Foto: Morten Nygård, Grenda. 

Seier Fiskeridirektoratet ja, må det gjerast betydelege investeringar ute på Hågardsneset.

Bygninga må utvidast, det må lagast eige inngangsparti for gjestene, det skal setjast opp rekkverk og tilretteleggjast for funksjonshemma. Dessutan må det kjøpast inn båt som skal transportera gjestene fram og tilbake.

- Vi snakkar om investeringar for mellom 10 og 15 millionar kroner, fortel Sondre Eide.

Bra for turismen

Resultatet av alt dette vert eit tilbod som skal eksistera året rundt, og vera ope for fastbuande, skuleklassar, vitskaplege institusjonar, turistar, cruiseskipgjester og andre interesserte.

- Vi trur dette blir eit positivt tilskot til turismen i Rosendal. Når dei reisande kan få med seg endå ein aktivitet, blir dei kanskje verande lengre i bygda, overnattar og nyttar seg meir av dei andre tilboda som finst. Det grunnleggjande for turismen i Rosendal er allereie på plass, og vi vonar tilbodet vårt vil bli godt brukt, seier samfunnskontakt Andreas Moe Larsen.

På det gjeldande anlegget er det sju merdar med ein MTB på totalt 2.340 tonn. Kvar merd er 20 meter djup i full breidde, før dei gradvis innsnevrar seg ytterlegare 15 meter nedover.

Ærleg

Målet med opplegget er å auka kunnskapen om oppdrettsnæringa. Eide fjordbruk lovar å ikkje leggja skjul på noko av det som føregår.

- Vi må vera flinke og visa fram næringa på ein ærleg måte, så vonar vi at gjestene blir positivt overraska. Vi legg ikkje skjul på at det finst utfordringar, spesielt med lus, men det skal vi løysa, og det blir investert enorme summar i dette arbeidet, opplyser Sondre Eide.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i det biletet som vert presentert i media, det er ofte ganske skeivt, skyt lokalitetsleder Trygve Samnøy inn, og legg til at gjestene til og med kan få vera med og telja lus.

(Teksten fortsett under biletet)

- Stort potensiale

I dag finst det fem visningsanlegg i Hordaland og kring 20 totalt i landet. Eide fjordbruk trur at anlegget på Hågardsneset kan bli den største attraksjonen av alle.

– Eg har tru på at dette anlegget kan bli svært populært. Rosendal har i utgangspunktet eit solid turistgrunnlag, mellom anna på grunn av Baroniet, noko som bør føra til fleire besøkjande på Hågardsneset enn på eksisterande anlegg, smiler dagleg leiar Knut Frode Eide.

Han ser også for seg at Ænes inkubator, som Eide fjordbruk og Lingalaks samarbeider om, kan bli ein del av pakken på sikt.

– Då kan gjestene få sjå eit settefiskanlegg, eit matfiskanlegg og bygda Rosendal i same slengen, filosoferer Eide.

Nye arbeidsplassar

Karen Løvfall Våge i Kvinnherad Turistinformasjon likar planane til Eide Fjordbruk om visningskonsesjon. Foto: Kvinnherad Kommune.

Får Hågardsneset konsesjon som visningsanlegg, vil det resultera i nye arbeidsplassar. Det gler Silvia Tofte i Kvinnherad næringsservice.

– Dette blir eit viktig tilskot til næringslivet generelt og turistnæringa spesielt. Som kjent er det mange unge som er arbeidslause i Kvinnherad, og dette prosjektet kan vonleg gje nokre av dei jobb, seier ho.

Også Karen Løvfall Våge i Kvinnherad Turistinformasjon likar planane.

– For turistinformasjonen er det positivt med alt som skapar nye tilbod til turistane. Anlegget er lett tilgjengeleg, og det blir spennande å sjå kva prosjektet kan føra til, kommenterer ho.