Statsforvalteren har gitt tillatelse til lokalitetsetablering ved lokalitet Skotberget i Kvinnherad, som ligg ca. 1 km unna turistattraksjonen Furebergfossen som her er avbilda.Foto: Morten Nygård/Grenda.
Statsforvalteren seier ja til Eide Fjordbruks lukka anlegg
Eide Fjordbruk sine planar om å etablera eit lukka oppdrettsanlegg ved lokalitet Skotberget, som ligg ca 1. km frå den kjente Furebergsfossen i Kvinnherad kommune.
Søknaden frå Eide Fjordbruk dreiar seg om eit nytt matfiskanlegg for laks og aure, med ein årleg produksjon på inntil 2.100 tonn. Når no Statsforvaltaren har gjeve utsleppsløyve, er det med krav om at det skal vera eit lukka anlegg med moglegheit for oppsamling av organisk materiale, slik også Eide Fjordbruk føreslo i søknaden.
Løyvet frå Statsforvaltaren er gjeve utifrå forureiningslova, men det vert understreka at Vestland fylkeskommune må gje løyve etter akvakulturlova.
Skotberget har også tidlegare vore nytta til fiskeoppdrett, men har lege brakk sidan 2007. Eide Fjordbruk skisserer no eit anlegg med åtte merder, der kvar merd har eit volum på 30 000 kubikk.
NF Digital Komplett
4990,-
KJØP
NF Pluss Måned
199,-
KJØP