![Besøk på Marø Havbruk. Foto: Salmon Group.](https://image.kyst.no/198584.jpg?imageId=198584&width=960&height=532&format=jpg)
Kombinerer tre ikkje-medikamentelle metodar
Omsetninga til Marø Havbruk gjekk ned i 2015 samanlikna med året før. Dette skuldast i stor grad nedsatt følsomheit for lusemiddel og tidleg utslakt. No satsar selskapet difor stort på kombinasjon av ikkje-medikamentelle metodar mot lakselusa.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Driftsresultatet endte på drøye 18, 5 millionar i 2015 mot drøye 31, 5 millionar i 2014.
![Maro Havbruk Nokkeltall 2015 og 2014](https://image.kyst.no/198531.jpg?imageId=198531&width=960&height=532&format=jpg)
- Dette var på grunn av at vi valde å slakte ut langt meir laks i desember 2014, for å unngå enda meir avlusing på stor fisk utover vinteren 2015, fortel Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk, til kyst.no.
Ho seier vidare at dette var i ein periode der selskapet hadde nedsett følsomheit på tradisjonelle medikament i deira områder.
- Det var vanskelig å få tak i nok hydrogenperoksid grunna mangel i marknaden, legg ho til.
Satsar på IMM
Omsetnaden til bedrifta ende på 65 millionar i fjor mot 83 millionar året før, og Sveen fortel at hovedfokuset deira er å ha lavast mogleg antall kjønnsmodne lus ved hjelp av ikkje-medikamentelle metodar (IMM), der fiskevelferda skal ivaretakast på best mogleg måte.
- Derfor har vi satsa stort på tre metodar i kombinasjon, desse er laser, reinsefisk (oppdrettsberggylte) og Thermolicer montert på ny brønnbåt der alt behandlingsvatn blir filtrert for lus, fortel ho.
![Elin Tveit Sveen. Foto: Kari Johanna Tveit.](https://image.kyst.no/198562.jpg?imageId=198562&width=960&height=1042&format=jpg)
Gjennom selskapet «Sunnfjord Rensefisk», produserer dei si eiga berggylte, saman med seks andre lokale oppdrettarar.
- Vi har vald å produsera berggylte fordi vi saman med E. Karstensen Fiskeoppdrett, allereie for 3-4 år sidan erfarte at denne var ein betre reinsefisk enn rognkjeks, gjennom dei ulike årstidene, fortel ho.
Saman med E. Karstensen Fiskeoppdrett investerte dei og i ti luselasarar i fjor.
- Og vi har vore med å investert i den nye båten «Ro Server» som har montert to thermolicerar om bord i båten, informerer ho.
Slapp våravlusing
Investeringa mor lusa har allereie gitt resultat for oppdrettaren.
- Grunna lasarar og reinsefisk som vart satt ut saman med laksen i fjor haust, har vi sluppe å gjennomføre våravlusing på haust 15 generasjonen. Vi ser at antallet lus har ein svak auke no i forbindelse med temperaturauke i sjøen, så planen er å bruke «Ro Server» og Thermolicer om vi må avluse no i juni, fortel ho.
I juli er den eigenproduserte berggylta og klar til utsett og skal settast ut saman med laksen.
- Målet er då og halde lave lusetall ut året ved hjelp av laser og oppdretts-berggylt. Så vil «Ro Server» med thermolicer vere ein effektiv beredskap i tilfelle vi må ta alternativ behandling, oppsumerar ho.