Henrik Teigland skulle verte tømrar, men valte heller å jobbe i havbruksnæringa. Det har han ikkje angra på. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Elskar å vera om bord på båt i ruskevêr

Sommerintervju: Henrik Teigland (26) er båtførar på ein servicekatamaran og har jobba i havbruksnæringa i sju år. Noko av da kjekkaste han veit, er då han virkelig får kjenna på naturkreftene på sjøen. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Akvakulturnæringen er ei mangfoldig næring som består av heile 33 759 tilsette. Kyst.no har i sommar hatt eit sommerintervju i veka, kor me i denne spalta ynskjer å gje eit innblikk i kvardagen til dei som jobbar i havbruksnæringa. I årets siste sommerintervju kan du lesa meir om kvifor nettopp Henrik Teigland har hamna i denne bransjen. 

26-åringen jobbar for oppdrettselskapet Alsaker Fjordbruk frå Tysnes og Teigland har hatt ulike roller i selskapet. Dei siste åra har han jobba som båtførar om bord servicekatamaranen Cornelia under dotterselskapet Fjelberg Fjordbruk. 

Henrik er oppvaksen i Rosendal, men flytta som tenåring til Sunde i same kommune. Foto: Therese Soltveit.

Havbruk vart vegen å gå

Han fortel Kyst.no, då me møter han i Rosendal, at han har jobba i konsernet i sju år, men tok utdanning som tømrar på vidaregåande skule på Husnes i Kvinnherad. 

- Eg gjekk to år byggfag og eitt år påbygg, men eg gjekk ikkje noko vidare med tømraryrket. Min fyrste jobb var hos Kvinnherad kommune sine tekniske tenester, og då eg høyrde det var ledig jobb i Alsaker Fjordbruk, tok eg kontakt med dei og fekk jobb. Eg har vel alltid hatt ei interesse for havbruk, for far min Even Søfteland har jo jobba med mykje forskjellig innan havbruk og der har nok mykje smitta over på meg. 

Henrik Teigland gjer alt av serviceoppdrag og opererer for det meste på lokalitetar i Kvinnherad kommune. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Innimellom er han også på merdkanten og jobbar som røktar, slik at han får begge erfaringane.

- Eg har no vore tre år på servicebåt. Båten eg driftar er ein områdebåt, som opererer rundt Halsnøy og Fjelberg, der eg hjelp til med lusetelling, avlusing, frakt, levering og så vidare. Men før det gjorde eg mykje forskjellig laust arbeid, som avlusing og diverse røktararbeid.

Vidareutdanning

26-åringen har i seinare tid tatt vidareutdanning og fagbrev i akvakultur.

- Det er byrja å kome ein god del yngre folk inn i selskapet. I 2011 var det den harde kjernen som jobba der, men ting er annleis no. Fleire yngre er tilsett og mange har vidareutdanna seg. Det er og mykje meir regelverk å forhalde seg til no i havbruksnæringa, så det er lurt å ta spesialisert ekstrautdanning dersom ein ikkje har akvakulturutdanning frå før. 

Teigland tok vaksenopplæring i Fusa, men måtte ha fem års ansiennitet før han fekk lov til å ta fagbrevet i akvakultur på denne måten.

- Det er ikkje eit krav at me må ha fagbrevet, men du stiller veldig godt med å ha papir på da. Selskapet dekka utgiftene og dei ynskjer jo å ha mest mogleg personell som er fagutlærte, seier han.

Elskar naturkreftene

26-åringen vaks opp på Seim i Kvinnherad kommune, like ved baronibygda Rosendal. Men flytta som 17-åring til Sunde i same kommune. Han er lidenskapeleg oppteken av båtar, bilar og det meste ein kan skru på. 

At det no nærma seg haust og dårlegare vêr, gjer ingenting for Teigland som trivs i all slag vêr og elskar når det bles på sjøen og ein får kjenna litt på naturkreftene.

- Når det er ruskever, det er då det er gøy, då får du kjenna litt på kor røft det kan vere på sjøen, og det likar eg, seier han nøgd. 

- Det er ekstremt gøy når det blese litt og er action, seier han med skikkeleg Kvinnherad-dialekt. 

- Er det dårleg forhald på sjøen er det opp til kvar enkelt om du er komfortabel på sjøen, men me følgjer sjølvsagt alle retningslinjer for sikkerheit om vêret blir for gale. Det er alltids mykje vedlikehald ein kan gjera, så ein kan ikkje sitta i ro og drikka kaffi, seier han og ler.  

Ingen kontormann

Å jobba for Alsaker Fjordbruk beskriv han som spennande, og jobben hans er variert, noko han liker. 

- Eg kunne ikkje hatt noko kontorjobb. Eg trivs med 12 timars skift der du konstant har noko fysisk du held på med. Eg jobbar elles sju til tre i helgene.

Då han er på jobb er det ei veke på og ei veke fri.

- Eg bur på ein fôrflåte når eg er på jobb, ettersom båten eg opererer ikkje har overnattingsmoglegheiter. 

Han innrømmer at det nokon gonger kan verta litt einsamt ettersom han er åleine om bord, og vert alltid ekstra glad når han skal ut på merdkanten å bistå med operasjonar der.

- Då er da godt å treffa fleire folk, for eg kan verte litt pratesjuk når eg har vore mykje åleine. Då eg kjem til anlegga er eg avhengig av dei på anlegga, for dei må ha ein person disponibel til meg når me skal ha visse oppdrag. 

Ein typisk arbeidskvardag beskriv Teigland som variert. 

- Me har vårfisk ute så me har byrja å slakta den, så for tida er det mykje arbeid med det. Eg hjelper elles for tida til på avlusingar, påpeiker han.

Les også dei tidlegare sommerintervjua me har gjort: