Dyrking av mikroalger.

- Regjeringa prioriterer arbeidet med berekraftig fôr

I forbindelse med framlegging av Statsbudsjettet for 2023 seier regjeringa foreslår i ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning (LTP) at det skal vere eit mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder.

Publisert Sist oppdatert

I langtidsplanen lanserer regjeringa målretta samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel. Regjeringa foreslår berekraftig fôr som eitt av to samfunnsoppdrag, med mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema.

- Samfunnsoppdrag er ambisiøse prosjekt, kor kunnskapsutvikling vil bli kopla med andre verkemiddel på tvers av sektorane for å kunne utvikle dei gode, framtidsretta løysingane, skriv dei.

Regjeringa fortel dei er opptekne av å utvikle ein meir berekraftig matproduksjon, og at i dag står fôr og fôrproduksjon for over 70 prosent av klimagassutsleppa i havbruksnæringen. I tillegg blir over 90 prosent av fôrråvarene importert.

– Samfunnsoppdraget skal medverke til meir berekraftig fôr gjennom å utvikle nye teknologiske løysingar og utnytte fleire lokale råvara, som igjen gir moglegheit for auka verdi- og sysselsetting og eksport, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran, og legg til:

– Vi ser òg at forskingsbasert kunnskap og kompetanse er viktigare enn nokon gang for å forstå og løyse dei utfordringane vi står overfor. Gjennom opprettinga av Bionova legg vi og til rette for ei meir kraftfull oppfølging av bioøkonomien, og berekraftig fôr vil være ein del av dette, seier han.