Kystpodden:

Fiskebåtskipparen som vart oppdrettspioner

Han leverte ei last med pigghå til Olav Svendsen på Bømlo. Det vart startskotet for eit oppdrettseventyr i Sør-Trøndelag.

Publisert Sist oppdatert

Kystpodden er denne gongen på Gjengstøa i Trøndelag der vi møter Asbjørn Snekvik. Saman med to brør dreiv han ringnotfisk, og dei var ikkje snauare enn at dei fekk seg nybygg då Asbjørn var i starten av 20-åra. Seinare vart det fleire nybygg, men Asbjørn hadde fått teften på noko nytt. Noko som ein kunne drive heimanfrå, og som kunne gje optimisme i fråflyttingstrua småsamfunn.

– Vi leverte ei last hjå Olav Svendsen på Bømlo. Han var oppteken av å fortelje om auren som han dreiv med og inviterte oss med på å sjå når han fôra dei. Det var ei oppleving, minnast Asbjørn, og humrar godt. Han hugsar at sjøen kokte og det tende ein gnist i han.

Asbjørn Snekvik er stolt over historia til familien. Her viser han fram fiskebåtane han har vore med på.

Tilfeldig

Asbjørn Snekvik var ein dreven fiskebåtskippar med gode resultat. Likevel ville han satse på det usikre, men framtidsretta, slik han såg det i 1970. Og han fekk rett.

Men det var ikkje berre, berre å gå i gang. Dei måtte ha lokalitet, utstyr og ikkje minst smolt. Det siste var nok det vanskelegaste. 

– Etter å levert ein fangst utanfor Bergen var eg i byen. Der gjekk eg på ein kjenning frå heimtraktene. Han hadde høyrt om planane om fiskeoppdrett og kunne fortelje om ein studiekamerat som hadde hybel i same hus som dreiv med yngel og setjefisk på Askøy. Eg tok kontakt. Askøykaren var Aadne Nilson som så smått var i gang med Ask Dambruk. Eg fekk gjort ei avtale om kjøp av setjefisk, fortel Asbjørn. 

Han rekvirerte eit sjøfly til transporten og like etter var dei gong med første årgang. Det var starten på Nils Snekvik & Sønner – ei bedrift som seinare skulle få heider og ære for gode produkt og godt omdøme.

Høyr den flotte historia fortald av hovudpersonen sjølv i Kystpodden.

Laurdag 27. september 2025, kl. 10.00

Sendinga ser du på kyst.no/kystpodden eller Spotify.

Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg

Se alle episodene av «Kystpodden»

Kystpodden

- Kystpodden har som mål å snakke med personer som har bidratt til å bygge opp laksenæringen til å bli en stor og viktig industri. Å lese historier blir aldri det samme som å høre tidsvitner fortelle med egne ord om sine opplevelser. Vi skal møte personer som har hatt ulike posisjoner og ståsted i laksenæringen.

Det er idemaker og podkast-vert Gustav Erik Blaalid som sier dette. Han er selv et tidsvitne med fartstid som næringslivsjournalist i Norsk Fiskeoppdrett siden januar 1990. Senere etablerte han blant annet Kyst.no som var på lufta allerede i 1997. Gustav Erik Blaalid er grunnlegger og eier av Oceanspace Media AS som teller 10 ulike medietitler i Norge, Danmark, Chile og Storbritannia.