
Lingalaks blir medlem i Sjømat Norge
Lingalaks melder at dei i dag har meldt seg inn i Sjømat Norge. - Me gjer dette etter å ha føretatt ei grundig vurdering av spørsmålet. Me trur Sjømat Norge er ein god organisasjon også for dei små og mellomstore havbruksbedriftene. Dette gler me oss til, seier dagleg leiar Erlend Haugarvoll.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Selskapet skriv at innmeldinga vart kunngjort tysdag under eit besøk frå direktør for Næringsutvikling- og samfunnskontakt i Sjømat Norge Aina Valland.
- Me er svært glad for å ha fått tradisjonsrike Lingalaks med på medlemslista i Sjømat Norge. Ei rekke nye bedrifter har slutta seg til Sjømat Norge dei siste to åra, og Lingalaks har lenge vært yngst på laget. Det er svært viktig for oss i Sjømat Norge at dei små og mellomstore sjømatbedriftene kjenner seg heime og godt representert i Sjømat Norge, seier ho i pressemeldinga.
- Sjømat Norge har aldri vært større. Me representerer no over 500 medlemsbedrifter og 12.000 årsverk i næringa. Spennet i små og store bedrifter som pregar denne næringa gjer at det er viktig at vi har en sterk organisasjon. Gjennom demokratiske vedtak kan næringsaktørene stå sammen og være en tydelig stemme for heile næringa. Det tjener alle på i det lange løp, seier Valland.
På spørsmål om kvifor Lingalaks melder seg inn i Sjømat Norge seier Haugarvoll ifølgje meldinga, at han er opptatt av at han som leiar av eit mellomstort oppdrettsfirma må bruka dei aktørane som kan bidra til at selskapet til ei kvar tid har gode rammevilkår og eit forum der selskapet får mogelegheit til å være med å utvikle næringa vidare.
- Me vil også i fortsetjinga være med i andre organisasjonar som til dømes NSL og Salmon Group, så får me ta ei vurdering av medlemskap etter kvart. Me er svært opptatt av at me må bli flinkare til å framstå med ei røyst i denne næringa, seier Haugarvoll.