
Fekk celebert besøk på merdkanten
Lingalaks fekk denne veka besøk av fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) på merdkanten.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fylkesordføraren vitja både Lingalaks sine kontor og anlegg i Kvam, saman med fleire politikarar frå både Fylkestinget og Kvamherad kommune. Ho poengterte der kor viktig havbruksnæringa er og har vore for Hordaland, ifølgje selskapet.
- Fylkesordføraren var ute på merdkanten på lokaliteten Saltkjelen, og sjølv om det var "rysje" vær var ho tydeleg interessert i å sjå korleis me produserar fisken på nært hald, fortel samfunnskontakt Kjetil Hestad til kyst.no.
- Samt var ho storleg imponert over dette anlegget og kor moderne det var, legg han til.
Les også: 10 % raskere tilvekst med LED-lys – Fremdeles mye å hente
Hestad fortel til kyst.no at han var særs glad for besøket og påpeikar at sjølv om fylkesordføraren kun har vore halvanna år i jobben, hadde ho mykje kunnskap om laksenæringa.

Fekk innføring
På hovudkontoret vart ho tatt imot av dagleg leiar Erlend Haugarvoll, og fekk ei innføring i Lingalaks sitt arbeid.
Les også: LED-lys gir laksen bedre tilvekst – og hindrer kanskje lus
Samtidig påpeikte ho for Lingalaks at selskapet vert godt lagt merke til i Hordaland.
Sjølv om ho var imponert, var ho svært tydeleg på at det er utfordringar med havbruksnæringa når det gjeld gjeld lus og rømming, men uttalte optimisme for at dette er noko som vil og må bli løyst.
- Hestetun var også tydeleg på at dette var noko oppdretterane og myndigheitene kan få til å løysa saman, forklarar Hestad avslutningsvis.