Turid Lande Solheim styrer jobben som regiondirektør i Mowi frå heimen i Ølve. Foto: Morten Nygård/Grenda.
Turid Lande Solheim styrer jobben som regiondirektør i Mowi frå heimen i Ølve. Foto: Morten Nygård/Grenda.

Styrer 340 tilsette frå heimekontor i Ølve

Turid Lande Solheim er beviset på at ein slett ikkje treng flytta til byen for å finna seg ein spennande jobb. Regiondirektøren i Mowi meiner at Kvinnherad bør vera ein attraktiv kommune for andre som med dagens teknologi kan jobba frå heimen.

Publisert

Mowi, er ikkje berre Norges største lakseoppdrettar, det er faktisk verdas største med aktivitet i 25 land. Hovudkontoret er i Bergen, medan region sør har administrasjonsadresse Hjelmeland. Men når Grenda skal møte direktøren for region sør, skal vi korkje til Bergen eller Ryfylke. I staden køyrer vi til Ølve i Kvinnherad kommune..

Der bur Turid Lande Solheim i eit flott hus med fantastisk utsikt mot både lokal industri, skule, aldersheim og fjorden. I fyrste etasje har ho innreia eit kontor. Det er hennar faste arbeidsplass, uavhengig av koronapandemien.

Solheim er opphavleg frå Våge på Tysnes. På vidaregåande skule hadde ho biologi som fag, noko ho likte veldig godt. Ho fekk difor eit sterkt ynske om å jobba med dyr på ein eller annan måte, men visste ikkje heilt korleis. Valet falt på studiet «økonomi og akvakultur» ved Distriktshøgskulen i Molde, etter innspel frå faren.

Bli abonnent hos Kyst.no

For å få tilgang til dette innholdet trenger du et abonnement med Kyst.no Pluss-saker inkludert.

Bli abonnent og les denne og mange andre pluss-saker.

Kyst.no Pluss Personlig

Du får: Kyst.no Pluss-saker

199,-

per måned

KJØP

Kyst.no Pluss Årlig

Du får: Kyst.no Pluss-saker

2189,-

per år

KJØP

Kyst.no Pluss bedrift

Administrer flere abonnement på ett sted og betal med faktura.

2189,-

per år

KJØP