Illustrasjon av konseptet til Osland Havbruk.
Illustrasjon av konseptet til Osland Havbruk.

Osland søkjer om utviklingsløyver på «Bunnsolid»-konsept

Osland Havbruk har søk om seks utviklingsløyver for å realisere «Bunnsolid». Dette skal være ein betongkonstruksjon som løyser mange av utfordringane fiskeoppdrettsnæringa står ovanfor i dag, ifølgje selskapet,

Publisert

Selskapet skriv i ei pressemelding at dei var med å starta norsk oppdrettsnæring, og vil vere med å utvikle næringa med nye løysningar basert på kjent teknologi.

- Formålet med «Bunnsolid»- konseptet er at vi skal kunne nytte dei unike kyst og fjordareala vi har i Noreg til å skape vekst i norsk matproduksjon. Betongkonstruksjonen er dimensjonert og konstruert slik som betongbeina på ein oljerigg, plassert på botn, ein sikker og kjent konstruksjon.

Dette skal gjere at dei får ein rømmingssikker merd, som får tilført vatn frå lusefri djupne. Avløypsvatnet skal spreiast på store djupner og vil tilføre næringssalt til næringsfattige fjordsystem.

Selskapet meinar at konseptet vil vere ein trygg arbeidsplass med stabile arbeidsplattformer, som gjer det enkelt for røktaren å ha fokus på både fôring og fiskevelferd.

- Osland Havbruk ynskjer å bygge ein prototype på 1000m3 på Osland, og når den piloten er ferdig vil eit fullskalanlegg i storleiken 20 000m3 og 40 000m3 bli etablert.