
Protesterer mot gigantisk oppdrettsanlegg inne i fjellet
Eit landbasert oppdrettsanlegg for storsmolt kan bli ein realitet inne i fjellhallar. Men nokre av naboane er skeptiske.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det skriver NRK.
500 meter inne i fjellet på Torsnes ved Jondal i Hardanger vil Hardanger Fishfarm AS bygga ein spesielt tilpassa fjellhall for oppdrettsfisk.
Fjellhallen skal plasserast ved ein av dei tettaste oppdrettsfjordane i Noreg. Hardangerfjorden.
Størrelsen kan samanliknast med nesten seks fotballbanar. Eit golvareal på 40.000 kvadratmeter skal bli sprengt ut.
Anlegget i Jondal blir nært eit eksisterande kraftverk og skal drivast ved hjelp av overskotsvatn. Det kan få ein produksjon på ca. 15.000 tonn levande fisk i året.
Prosjektet vil ha ein byggekostnad på nesten 1 milliard kroner, og kan få opptil 20 til 25 arbeidsplassar.
Men i følge NRK er naboar og skeptiske til planane.