Øyvind Kråkås. Foto: Therese Soltveit, Kyst.no.

- Samarbeid kan løyse utfordingar i næringa

Juleintervju: - Vi har vore mest urolege for problema med ILA i Lofoten og Vesterålen, seier informasjonsmedarbeidar Øyvind Kråkås frå Salmon Group om næringas utfordringar i 2015. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I dagens juleintervju fortel han til Kyst.no at løysinga på sjukdomsproblema mellom anna ligg i å kombinere eksisterande kunnskap og ta i bruk nye løysingar.

Kråkås peikar på at ei produksjonsnæring i hovudtrekk har to typar utfordringar.

- Dei produksjonsmessige og dei marknadsmessige. Dei produksjonsmessige har variert med landsdelane og vi har vore mest urolege for problema med ILA i Lofoten og Vesterålen. Marknadsmessig har spesielt aureprodusentane hatt eit vanskeleg år med handelshindringar og lågare prisar, seier han.

- Når det gjeld sjukdom som ILA, meiner vi løysingane ligg i å kombinere eksisterande kunnskap, ta i bruk nye løysingar og finne gode måtar å samarbeide på. Vi heldt eit stort møte i Svolvær i november for å kome vidare i dette arbeidet, informerer han.

Som døme på nye løysingar nemnar han vaksine som ein moglegheit. På marknadssida viser han til at det storpolitikken som rår.

- Og vi deler vel alle ynskja om ei meir fredeleg og open verd, legg han til.

- Kva meiner du næringa har gjort en god jobb med i året som har gått?

- Næringa er omstillingsdyktig. Det er havbruksnæringa sitt store aktivum. I kombinasjon med at ein har drive godt over tid og dermed har ressursar til å finne nye løysingar. Havbruksnæringa snakkar ikkje om å bli kompenserte for at vi ikkje får drive som vi ynskjer, vi snakkar om fleksibilitet til å finne alternative driftsformer, seier Kråkas.

For at næringa skal bli betre i framtida meiner han ein må lukkast med ikkje-medikamentell avlusing.

- Der er mykje arbeid godt i gang, og vi må dele med kvarandre for å spare tid og ressursar. For mykje handtering av fisken har gitt oss mange problem, som sjukdom og dødelegheit. Kvar einaste fisk må få eit betre liv, seier Kråkas.

- Eg blir heller aldri ferdig med å snakke om samarbeid i regionane og lokalsamfunna. På Vestlandet er vi no i ferd med å få på plass eit nærare samarbeid med fiskarar for å styrke rømingsberedskapen. Kystfolk er flinke til å jobbe i lag, på sjøen og i lokalsamfunnet. Det må vi nyttegjere oss av, legg han til.

Framover fryktar han at næringa i sterkare grad vil merke dei auka produksjonskostnadane, men har likevel fleire døme på korleis ein skal løyse kommande utfrodringar.

- Satsingsvilje, samarbeid og delingskultur. Samarbeid i næringa, og samarbeid med andre næringar og forvaltninga. Me ynskjer å vere garantistar for det gode samarbeidet. For kvart år har me auka talet på bedrifter som ynskjer å vere med under vår paraply. Og heile tida lærer vi nye ting som vi kan byggje på. Det beste i året som gjekk var alle skuleturane eg fekk rundt om langs kysten, konkluderar han.