Det nye styret i Salmon Group ble avgjort på Solstrand hotell fredag den 13 mai. Foto: Øyvind Kråkås.

Nytt styre i Salmon Group

Fredag 13. mai haldt Salmon Group generalforsamling ved Solstrand Hotel, og for første gong vart ein representant utanfor eigarane valt inn i styret.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tidlegare ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland (Høgre), kom inn som styremedlem og nestleiar i nettverket. Ho vil tilføre mykje kunnskap og erfaring frå eksisterande og tidlegare verv både i næringsliv og politikk. Eskeland er utdanna sivilarkitekt, meldar Salmon Group på sin nettstad.

Erik Osland ble gjenvalt som styreleiar for Salmon Group. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Erik Jarle Osland vart attvald som styreleiar, eit verv han har hatt sidan 2013. Vibecke Bondø vart attvald som styremedlem.

Elin Tveit Sveen og Erlend Haugarvoll var ikkje på val. Aksel Olsen går ut av styret etter mange års trufast innsats, Salmon Group er takksame for arbeidet han har lagt ned for grupperinga.

Tom Jarle Bjørkly og Roald Vold er vara til styret.