Øyvind Kråkås frå Salmon Group. Foto: Therese Soltveit.

Opent for utvikling?

Utviklingskonsesjonane vart mottekne som ei god og etterlengta ordning. Men om vindauget blir for smalt for kva som er gode prosjekt, endar det berre opp som ei forfordeling av konsept og produksjon.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Då dei grøne konsesjonane vart lanserte, var der eitt springande punkt som ville avgjere kor gunstig ordninga var for søkjarane; kva vekst kunne ein vente seg framover? Dei som søkte og var viljuge til å betale for grøne løyve, satsa på at der ville bli lite å hente dei komande åra. Dei som søkte i gruppe C, hadde gjerne konsept som dei ikkje kunne realisere på andre måtar.

Til ei viss grad fekk dei rett, der har ikkje vore utlysing av ordinære løyve etterpå. Tilbodet om 5 % vekst og produksjonstilpassing med sesongvariasjon vart lunkent motteke. Samstundes er der enno ein del som ikkje har fått teke i bruk dei nye løyva. Dei omsøkte konsepta krev tilpassingar og investeringar. I mellomtida har ordninga med utviklingsløyve kome. Det kan gjere til at dei som betalte 10 millionar for grøne C-konsesjonar føler seg litt snytt.

Kva er rett utvikling?

Utvikllingsløyva er ein flott ide. Aktørar som tek på seg eit betydeleg økonomisk ansvar og produksjonsrisiko for å drive næringa vidare, bør kunne få storsamfunnet med på laget. Investering  for framtidige skatteinntekter. Ordninga skal stø opp som dei som vil og vågar.

Men der er mange som vil og vågar. Og tildelinga må skilje mellom dei som har dei mest kvalitetssikra og dei mest framtidsretta løysingane. Der bør ligge ei betydeleg oppside i prosjekta. Betre miljøprofil, betre fiskevelferd og betre økonomi er kriteria som kan ha noko for seg.

Meir problematisk blir det om ein skal skilje på kva som er «rett utvikling». Sjølv om offshoreanlegg og lukka anlegg er heite ord i media, bør ikkje det avgrense kva som bør prøvast ut. Dei viktige framstega kan like godt ligge i andre konsept.

Mest truleg byggjer den nære framtida på det vi har i dag. Ei modifisering av dagens opne merdanlegg kan vere ei naudsynt utvikling om ein skal halde oppe dagens produksjon og rekne med ein vekst. Dersom ein til dømes klarar å ta hand om avfall, slik Blom Fiskeoppdrett skisserer i sin søknad, kan ein utnytte areala langt betre enn ein gjere i dag. Det er og ei viktig utvikling.

Tid for ei politisk presisering

Det ein no har bruk for, er ei avklaring på at utviklingsløyva ikkje skal vere ei ordning for eit snevert utval av teknologiske løysingar. Frykta for at det skal bli ein vill vekst av denne ordninga, bør vere heilt ubegrunna. Der skal uansett ikkje delast ut løyve til fleire like konsept.