«Kystpodden»:
– Ferie? – Nei, det er for byfolk!
– Eg slutta skulen då eg var 14 år. Då sa far min at fiskeoppdrett kom til å bli så stort at det ikkje var bruk for meir skulegang. Hadde det vore i dag, hadde barnevernet gripe inn, humrar ein humørfylt Arthur Marøy.
«Kystpodden» er denne gongen på Marøy i Nordhordland. Det var der pappa Reidar og sonen Arthur begynte med fiskeoppdrett. Det var hamnesjefen i Bergen som gav løyve til at dei fekk stenge av eit sund, og drive oppdrett. Det skjedde i 1963.
– Det var før oppdrettslova kom, og før det fanst utstyr som var berekna på oppdrett, fortel Arthur.
Han og faren og nokre naboar starta med å lage steinfyllingar i begge endar av sundet – alt gjekk føre seg med handmakt. Då dette arbeidet var gjort, sette dei ut 1000 regnbogeaurar som dei hadde fått kjøpe av Endre Rundhovde. Året etter slakta dei den første fisken, og Skjærgårdsfisk var ein realitet.
Tur-retur California
Far til Arthur, Reidar Marøy, var ikkje redd for det ukjende. I 1950 tok han med seg familien og flytta til solfylte California. Der budde dei medan faren var på fiskeri.
– Det var ei fin tid og vi hadde det godt. Kjøleskap, fjernsyn og bil. I hagen vaks det agurk og tomatar – ja det var eit eventyr. Men i 1957 gjekk turen heim til eit småbruk på Marøyna – med utedo, og ikkje innlagt vatn verken i hus eller fjøs, minnast Arthur.
Han snakka då flytande amerikansk, noko dei andre ungane på Marøy syntes var rart, men med tyggegummi frå Amerika på baklomma vart han populær i gjengen.
Hardt arbeid
Frå dei tidlege åra med oppdrett, hugsar Arthur det som ei fin tid, men med beinhardt arbeid. Frå tidleg til seint. Alt fiskefôr skulle lagast. Fõret skulle ut. Etter kvart kom slakting og sal. Alt gjekk føre seg med manuelt arbeid.
– Vi hadde ikkje kranar eller køyretøy å hjelpe oss med. Eg må sei at eg mange ganger har tenkt på han far, kor mykje han sleit, men kor standhaftig og viljesterk han var i trua på at fiskeoppdrett kom til å bli stort, fortel Arthur, mjuk i røysta.
Etter nokre år, ymta Arthur frampå om det ikkje var på tide at han kunne ta ferie.
– Ferie? – Nei, det er for byfolk, var svaret.
Høyr og sjå Arthur Marøy og Skjærgårdsfisk si historie.
Sjå meg – Høyr meg: «Kystpodden», laurdag 26. oktober kl. 10.
Aldri ein laurdag utan
Kyst.no/kystpodden, og Spotify
Les flere saker fra Kystpodden:
-
Tok ut lønnen i settefisk
– Tror det var på et årsmøte i NFF jeg underholdt mine bordgjester med hvor mange varianter man kan spise av makrell. Etter 21 ville de ikke høre mer, forteller vår gjest og ler godt. Kystpodden har møtt Karl Olaf Jørgensen – pioneren som viste at det var mulig å drive lakseoppdrett på Sørlandet, og som vokste opp på makrell.
-
Oppdrett i opne nøter er ei museumssak
Torgeir Skretting tok til orde for å stimulere til overgang til lukka, flytande produksjon allereie på slutten av 1980-talet. Men til og med miljøorganisasjonane sa nei takk.
-
Tok med minkfarmen og flytta til Hammerfest
John Simonsen fekk tre «uløyselege» dilemma og hanskast med som ung. Kva gjer du når du forelskar deg i ei dame frå Hammerfest når du driv farsgarden med pelsdyroppdrett i Selbu? Du tar sjølvsagt med deg pelsdyra på flyttelasset.
-
– Bli med på kurs. Du får en datamaskin på hjemlån i to uker
Frem til slutten av 1980-tallet var penn og papir det mest vanlig når oppdretterne skulle holde styr på beholdning, fôring og slakting. Mannen som tok næringen inn i dataalderen er vår gjest i denne utgaven av Kystpodden. Vi snakker med Olav Jamtøy.
-
Fiskebåtskipparen som vart oppdrettspioner
Han leverte ei last med pigghå til Olav Svendsen på Bømlo. Det vart startskotet for eit oppdrettseventyr i Sør-Trøndelag.
-
Ridder av ørretens brorskap
Til toner av Franz Schuberts «Die Forrelle» (ørreten) ble Daniel Støle slått til ridder av La Confrerie des Chevaliers de la Truite. Det skjedde på en tilstelning i Brussel i 2001 der Europas ørretoppdrettere var samlet. Hør Reidun Ann Støle fortelle mer om sin far i Kystpodden.
-
Et paradigmeskifte innen vaksineteknologi
DNA-vaksinen mot PD som kom på markedet i 2018 representerte et paradigmeskifte innen vaksineteknologi. For denne utviklingen er MSD nominert som kandidat til årets Fiskevelferdspris.
-
Minneord om Thorbjørn Flakstad
I dag tirsdag 10.juni begraves havbrukspioneren Thorbjørn Flakstad fra Flakstadvåg kirke. Han ble intervjuet for Kystpodden for bare en drøy måned siden.
-
Kakelotteri finansierte kjøp av rogn
– Flytter du er det din skyld at bygden fraflyttes! Denne påstanden endret trolig historien til det vesle bygdesamfunnet Flakstadvåg på Senja. Hør «Kystpodden» der Thorbjørn Flakstad forteller den fantastiske historien om et dugnadsprosjekt som er unikt i norsk havbrukshistorie.
-
Hell, fredag den trettende
Vil du høre hvordan det gikk til da Norges sjømatråd sin forløper, Eksportutvalget for fisk ble etablert? Da må du høre Kystpodden der vi har møtt Dag Eivind Opstad, rådets første administrerende direktør.