“Ein som trur at dette er lett-tjente pengar, bør ikkje starte med fiskeoppdrett”
Orda kom frå oppdrettspioner Andreas Blom i eit intervju i Norsk Fiskeoppdrett nr 1, første årgang 1976. Høyr meir i Kystpodden der vi har snakka med sonen, Jakob Blom.
Det har gått mange laks i norske oppdrettsmerder sidan intervjuet i juni 1976, men allereie då var Andreas Blom forlengst i gong med lakseoppdrett. Deu heile starta nokre år før heime i Blomvågen i Øygarden kommune vest for Bergen. I det same intervjuet nemner Andreas at andre viktige eigenskapar er å starte forsiktig, unngå unødige investeringar, vere tolmodig, ha pågangsmot, og rett og slett vere ein altmuligmann. Eigenskapar som Andreas sjølv hadde?, undra intervjuaren den gongen.
- Ja, det kan eg støtte. Han var slik, humrar Jakob Blom når vi idag, snart 50 år seinare siterer fra intervjuet. Sjølv var Jakob med i familiebedrifta heilt frå starten.
Som far som son
- Far var prega av små kår og stort ansvar. Han mista far sin på sjøen då han var 18 år gamal. Som eldstemann i søskenflokken fekk far tidleg ansvar. Dette var noko som kom til å prege han heile livet, fortel Jakob i respekt.
Sjølv kom Jakob til å vie heile sitt yrkesaktive liv til Blom Fiskeoppdrett, noko som han har hatt stor glede av.
- Eg hugsar godt dei første møta eg var med på som tenåring. Då fekk eg møte gamlekarane som Erling Osland, Sivert Grøntvedt og Olav Svendsen. Det var utruleg spennande, fortel han.
Etter mange år som konsernsjef i Blom Fiskeoppdrett AS har Jokob i dag pensjonert seg, og prøver så godt han kan å halde seg unna drifta.
- Og klarer det rimeleg godt, meiner han sjølv med et smil på lur.
Høyr Jakob fortelje i Kystpodden, Laurdag 87. november 2025, kl 10.00
Kystpodden: Høyr meg - Sjå meg
Flere Kystpodden-gjester:
-
Fra null til 7,6 milliarder
-
Tok ut lønnen i settefisk
-
Oppdrett i opne nøter er ei museumssak
-
Tok med minkfarmen og flytta til Hammerfest
-
– Bli med på kurs. Du får en datamaskin på hjemlån i to uker
-
Fiskebåtskipparen som vart oppdrettspioner
-
Ridder av ørretens brorskap
-
Et paradigmeskifte innen vaksineteknologi
-
Minneord om Thorbjørn Flakstad
-
Kakelotteri finansierte kjøp av rogn