Tegningen over hvordan prosjektet skal se ut. Foto: Eide Fjordbruk.

- Eide Fjordbruk arbeider med klage til Fiskeridirektoratet

Eide Fjordbruk har fått avslag på søknad om utviklingløyver, men gir ikkje opp prosjektet. - Me har framleis like stor tru på prosjektet, og arbeider med ein klage, skriv samfunnskontakt Andreas Moe Larsen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I førre veke fekk selskapet avslag på sin søknad om seks utviklingsløyver for prosjektet "Åpen dataplattform og tilhørende systemer", med ein MTB på 4 680 tonn.

Ifølgje sekslapet skal ein gjennom prosjektet utvikle ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakjelder for å skaffe ny informasjon. Dette skal gjere det mogleg å arbeide med dei store datamengdene som blir tilgjengelige i lakseproduksjonen.

Andreas Moe Larsen er samfunnskontakt i Eide Fjordbruk. Foto: Eide Fjordbruk.

- Prosjektet vil gjera næringa betre i stand til å førebyggja miljøutfordringane knytt til drift av oppdrettsanlegg i sjø gjennom automatisering og autonome handlingar og operasjonar. Me meiner det vil vera svært viktig for næringa å hindra lusepåslag, miljøutslepp, rømming og at fisk blir sjuk, skriv Andreas Moe Larsen, i ein kommentar på avslaget.

Han meiner dette er avgjerande faktorar for at næringa skal veksa, og skriv at deira prosjekt svarar på desse utfordringane.

- Produksjonsutstyret som skal nytta seg av data er ein minst like viktig del av prosjektet som sensorane, og prosjektet er difor tett knytt til produksjon av fisk. Det overraskar oss i tillegg at det førebyggjande aspektet ikkje tel positivt i vurderinga, skriv han.

- Vårt prosjekt er, så vidt me kjenner til, det einaste som byggjer på betre nytting av datasensorar og automatisering knytt til produksjonsutstyr. I tillegg til ein betydeleg miljøgevinst trur me vårt prosjekt også kan bidra til auka verdiskaping i form av den automatisering prosjektet kan bidra til, slår han fast.