Ordfører i Austevoll kommune, Morten Storebø (H) er særs kritisk til å innføre ein særskatt på oppdrettsnæringa. Foto: Høgre

- Lakseskatt er ein veldig dårleg idè

Ordførar Morten Storebø (H) i Austevoll er heilt imot at det skal innførast ein ekstra skatt på havbruksnæringa. Han er overtydd om at Høgres landsmøte kjem til å forkaste forslaget.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Venstre vedtok nyleg at dei skal være kritiske til ein særskatt for oppdrettsnæringa. Saken om den såkalla lakseskatten er i ferd med å verte utreda av Regjeringa i desse dagar, og det er satt ned eit eige utval til å behandle saka.

Til helga går landsmøtet til Høgre av stabelen, og ordførar Morten Storebø (H) i Austevoll seier til Kyst.no at han er overtydd om at forslaget om ein særskatt kjem til å verte forkasta.

- Eg er heilt på linje med næringspolitisk talsperson i Høgre, Linda Helleland, som i DN i dag er klokkeklar på at ideen om grunnrenteskatt må leggjast død. Eg tykkjer lakseskatt er ein veldig dårleg idé, slår han fast.

Dårleg næringspolitikk og dårleg distriktspolitikk

Høgre-ordføraren meiner ein slik skatt vil bidra til å redusere konkurransekrafta i næringa.

- Ein må hugse på at havbruk er ei svært viktig næring for utruleg mange lokalsamfunn langs heile kysten. Så dette er både dårleg næringspolitikk og dårleg distriktspolitikk.

Storebø understrekar at ein særskatt kan vera med å redusere den enorme satsinga på forsking og utvikling som næringa driv med i dag.

- Eg trur dei aller fleste meiner forskingsarbeidet er avgjerande for å løyse utfordringar og å sikre vidare vekst og meir sunn fisk til verdas befolkning, seier han avslutningsvis.