Lokaliteten Dyvika ligg på sørsida av Førdefjorden vis-a-vis Vevring og like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden. Lokaliteten har vore i bruk sidan 1994, er godkjent for ein mtb. på 1560 tonn og kan berre nåast med båt. Foto: Flokenes Fiskefarm.

PD og lav tilvekst pregar eit godt Flokenes-resultat

Flokenes Fiskefarm har ein høg driftsmargin på 40 %, tross lågere tilvekst og PD på fisken. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Regnskapet for 2017 viser at omsetninga fall frå 116 millionar kroner i 2016 til 72 millionar i 2017. Driftsresultatet vart på omlag 29 millionar, ned frå cirka 54 millionar året før. 

Driftsmarginen var på 40 % i 2017, og i 2016 var den på 46 %. Årsresultatet endte på 24 millionar kroner i 2017, mot 39,6 millionar året før.  

Eigarane tar eit utbytte på ti millioner kroner.

Nøkkeltall:

Styret skriv i årsberetninga at dei har ein reduksjon i omsetninga på 38 % samanlikna med 2016. Dette skuldast lågare tilvekst på 2016 generasjonen som førte til mindre slakting av laks enn venta i siste halvår 2017.

PD og liten fisk

Styreleiar Steinar Hagesæther seier til Kyst.no at åsaka til nedgongen skuldast at dei fekk PD på fisken, samt at fisken var liten som gjorde at dei måtte slakte fisken på nyåret i 2018, og dette kom da ikkje med på fjorårets regnskap.

Skrova lokaliteten deira ligg på sørsida av Førdefjorden mellom Flokeneset og Gjelsvika og ein kan sjå den frå fylkesveg 609 ved Skorvetunnelen. Lokaliteten har vore i bruk sidan 2001 og er godkjent for ein mtb. på 1560 tonn. Foto: Flokenes Fiskefarm.

- Me har mykje lysare utsikter i år. No har me ikkje PD, og alt er på stell. Bank i bordet, seier han og ler. 

Hagesæther påpeiker at dei i år har ein bra lusesituasjon. Dersom talla skulle verte for høge, vil dei leige inn brønnbåten Ro Server. 

- Då gjer me lusa eit lite oppkok, og lusetalla går ned, seier han. 

Det er sju tilsette i selskapet som jobbar fast, og styreleiaren seier dei leiger inn ekstra personell ved behov. Eksempelvis ved avlusing og den type operasjonar.  

Den største inversteringen dei har gjort i år er innkjøp av ny røkternbåt, som dei fekk til påske. Ellers beskriv han økonomien som bra.  

Om selskapet: 

  • Driv produksjon av laks som består av fisk i størrelse 4 - 6 kg.
  • Dei har to konsesjonar – på 1560 tonn mtb og driv produksjon i ytre del av Førdefjorden i Askvoll kommune.
  • Lokalitetane heiter Skorva og Dyvika.
  • Selskapet har kontor og base på Flokenes.
  • Dei er sju tilsette i selskapet.
  • Selskapet starta oppdrett i Førdefjorden i 1984.