Med ein driftsmargin på 27,4 % i 2020 kallar Alsakers Fjordbruk 2020 for eit middels år. Biletet viser lokaliteten Skorpo i Tysnes Fjordbruk AS der selskapets nye brønnbåt Kristoffer Tronds hentar fisk til slakt 20.05.2021. I tillegg ser man servicebåtane Katla og Teide frå dotterselskapet deira Fjordbruk Service AS, samt andre arbeidsbåtar. Foto: Alsaker Fjordbruk

Slik gjekk det med Alsaker i 2020

Alsaker-konsernet gjorde det litt svakare i 2020 enn året før, men nådde likevel nesten to milliardar i omsetnad. 

Publisert Sist oppdatert

2020 vart eit nytt godt år for Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk. Sjølv om det vart ein liten nedgang i både omsetnad og resultat samanlikna med 2019, kan Alsaker Fjordbruk visa til ein omsetnad på 1.914 millionar kroner i 2020 (2 004 i 2019) . Med eit driftsresultat på 525 millionar kroner (660 mill kr i 2019), gir det ein driftsmargin på 27,4 prosent, skriv konsernsjef Gerhard Meidell Alsaker i ei pressemelding.

Selskapet gjekk dermed ein halv milliard i pluss. 

Nøkkeltall for Alsaker Fjordbruk i 2020 og 2019. Klikke for større

Økt produksjon

I 2020 produserte konsernet nesten 40 000 tonn laks, mot 38 000 tonn året før.

Selskapet kalla sjølv resultatet i 2019 for middels. Det gjer dei også i år. 

- Produksjonsmessig har 2020 vore eit middels godt år for konsernet, med framgang i fleire deler av produksjonen. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk opp samanlikna med 2019, opplyser konsernsjefen.

Har lakseproduksjon i 14 kommunar

Konsernsjef Gerhard Meidell Alsaker seier selskapet har eit middels resultat i 2020. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Oppdrettskonsernet Alsaker produserar laks og dreiv i 2020 fire smoltanlegg, 24 matfiskløyver, eit slakteri på Sunde i Kvinnherad kommune og eit havbrukssenter. 

Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Ved utgangen av 2020 var det 248 fast tilsette i Alsaker-konsernet.

- Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen, fortel Alsaker.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året kr 1.703 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 60 prosent.