Gå til innhold
Brimer Servitech har levert utstyr til SalmoBreed Salten sitt anlegg. Selskapet har også stor vekst innan landbasert oppdrett. Foto: Brimer Servitech
Brimer Servitech har levert utstyr til SalmoBreed Salten sitt anlegg. Selskapet har også stor vekst innan landbasert oppdrett. Foto: Brimer Servitech

Entec-konsernet på Sunnmøre veks innan landbasert oppdrett. På kort tid i haust har Entec-selskapet Brimer Servitech vunne kontraktar for rundt 50 millionar kroner.

Særleg er det etterspurnaden etter oppdrettstankar i kompositt som er årsak til veksten, mellom anna til Salmar Tjuin i Steinkjer, som vert verdas største anlegg for settefisk når det er ferdig utbygd. Også utanfor Noreg har Brimer Servitech vunne kontraktar, mellom anna på Færøyane, Island og i Singapore.

- Vi er særs nøgd med utviklinga den siste tida. Etterspurnaden syner at vi er konkurransedyktige globalt også på denne marknaden, på same vis som vårt andre dotterselskap Evotec er det innan  handteringsutstyr til den maritime industrien, seier konsernsjef Håvard Haanes i ei pressemelding. 

Store avtalar

Dagleg Leiar i Brimer Servitech AS, Tore-Jakob Reite, fortel at det er Krüger Kaldnes som bygg ut det gigantiske anlegget i Steinkjer for oppdrettsselskapet Salmar, og som er avtaleparten for leveransane frå Brimer Servitech. I fyrste omgang skal selskapet levere 24 kar som er 7 meter i diameter og 2,5m høge.

Ein annan stor avtale er med Artec Aqua knytt til utvidinga av Hofseth Aqua sitt anlegg i Tafjorden. Mellom det som skal leverast, er seks store kar med diameter på 18 meter og ei høgd på 5 meter, i tillegg til forskalingsringer under kara og spiralpotter til senteret i tankane.

- Avtalen med Artec Aqua til Hofseth Aqua - anlegget er eit døme på den gjensidige nytten av langvarige relasjonar der ein saman med kunden og sluttbrukar kan finne dei beste løysingane, seier Haanes.

Eit godt år

Mellom dei andre verksemdene Brimer Servitech har gjort avtaler med i det siste er Sande Seafarm, EcoFishcircle, Eyvi og Linde Gas Singapore. Saman med ein markant auke i leveransane av høgdebasseng til norsk kommunar, gjer dette at Brimer Servitech får ein betydeleg vekst i 2021 og ein god start på 2022.

- Det same gjeld for Evotec. Etter eit krevjande covid-år i 2020, får Evotec ein sterk vekst i 2021 og allereie no kan vi seie at veksten held fram i 2022 for konsernet, seier Haanes.

- Vatn, enten det er ferskt eller salt, er ein fellesnemnar for alt det selskapa i Entec Group arbeider med, og vi strekk oss langt for at kunden skal kjenne at dei får effektive løysingar og berekraftig teknologi frå oss, avsluttar Haanes.

Har du en sak du
vil tipse oss om?