Ordfører i Austevoll kommune, Morten Storebø (H) meiner saksgongen med den regionale kystsoneplanen har gått for treigt og skapt mykje meirarbeid og ekstrakostnader. Foto: Høgre

Viktige endringar for den regionale kystsoneplanen

På fredag avgjorde Kommunal- og moderniseringsdepartementet klagebehandlinga av den regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger. – Dette er viktige endringar, seier Morten Storebø, ordførar i Austevoll kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Planen omfattar sjø- og landareal i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kommunar i Vestland (då Hordaland) fylke, og sjøarealet i Vindafjord kommune i Rogaland.

Av dei 12 berørte kommunane, klaga 5 planen inn til departementet: Austevoll, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes kommunar. Fusa kommune vedtok formelt ikkje klage, men skreiv til departementet der den påpeika veikskapar ved den regionale planen. Planen var også førelagt to departementet, Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, og også Nærings- og fiskeridepartementet påpeika veikskapar ved planen.

Les og: Til kamp mot marine verneplaner

Fredag 20. mars fatta Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtak i saka. Planen er godkjent, men med ei lang rekke endringar i planretningslinjene. 9 føresegner er stroke heilt, og 7 er omskrivne av departementet.

- Ikkje fritt fram

Morten Storebø, ordførar i Austevoll Kommune, seier til Kyst.no at han meiner at departementet har kome med viktige endringar i planen.

- Desse understrekar rammene fylkeskommunen må følgje når den lagar regionale planar. Det er ikkje fritt fram sjølv for ein fylkeskommune. Den må blant anna ta omsyn til at både kommunar og staten har viktige roller når det gjeld planlegging, påpeikar han.

Det kjem fram av vedtaket at departementet deler mange av kommunanes viktigaste motsegn til planen. Blant anna at kommunane har peika på at fylkeskommunen gjennom regional kystsoneplan tar på seg plan- og bygningsmynde som den ikkje har.

Kommunane har sagt at fleire av retningslinjene og vilkåra i desse ikkje høyrer heime i ein regional plan. Retningslinjene og utforming med «skal»-reglar, og ikkje «bør», trakk i retning av at planen i praksis ville vere meir bindande enn det som er formålet med ein retningsgivande, regional plan. Dette er departementet einig i.

Vidare har departementet gitt kommunane støtte i at:

  • Det ikkje skal vere eit generelt forbod mot konvensjonelt oppdrett, med opne merdar, og har omskrive retningslinje 2.16.
  • «Skal»-regelen om reguleringsplan for småbåtanlegg etter retningslinje 2.38 er endra til «bør».
  • Det same gjeld «skal»-regelen for naust i eigne naustmiljø, som er endra til «bør» (2.40).
  • Nye areal for akvakultur og større, varige tekniske inngrep er endra frå «skal i hovudsak ikkje», til «bør i hovudsak ikkje» tillatast.
  • Fleirbruksområde med akvakultur blir likevel tillate i avgrensa område etter ei nærare vurdering (3.3.2).

Ein lang prosess

Ordførar Storebø seier til Kyst.no at Austevoll kommune meinte at planen hadde så store veikskapar at den rett og slett burde sendast i retur til fylkeskommunen. Kommunen var også imot at det følgde eit detaljert plankart med, og at dette la beslag også på store landområde.

- Me meinte at plankartet burde fjernast. Dette er ikkje gjort. Me er likevel nøgde med at departementet har slått fast at det ikkje er desse delane av planen, men faktiske tilhøve i området og omsyn til desse, som likevel må takast. På denne måten blir ikkje planen eller kartet så bindande som me frykta, men meir ei stadfesting av tilhøve som fylkeskommunen uansett tar omsyn til.

Ser ein bort frå sjølve innhaldet i planen, så meiner Storebø det også er ein annan viktig konklusjon dei kan trekke etter denne lange prosessen. Nemleg at ein må unngå å skape ei liknande konflikt mellom fylkeskommune og kommune i framtida.

- Og i denne saka er det nødvendigvis fylkeskommunen, som laga planforslaget og vedtok planen, som aller mest bør ta dette innover seg. Viss samarbeidet hadde fungert betre frå byrjinga av, eller det blei tatt ein kort timeout før vedtak, hausten 2017 sånn som fleire tok til ordet for, så kunne saksgongen vore ein heilt annan. Då hadde me sloppe mykje meirarbeid og ekstrakostnader både i fylkeskommunen og kommunar.

Skal reviderast

Han opplever samstundes at dette er noko fylkeskommunen også erkjenner. I samband med planstrategien som Vestland fylkeskommune skal lage, så har ein allereie gjennomført innspelsmøte og meiner tilsynelatande alvor med gode medverknadsprosessar.

- Derfor er eg optimist og trur at ein liknande prosess som med kystsoneplanen ikkje vil gjenta seg. Akkurat denne planen skal også reviderast om veldig kort tid, så her må planprosessen tilpassast både dei avklaringane som departementet her har kome med, og kommunanes innspel og interesser, fortel ordføraren avslutningsvis.