Kommentar om grunnrenteskatt

Joar Grindheim, rådgiver i Capmare meiner forslaget om grunnrenteskatt ikkje er rettferdig.
Joar Grindheim, rådgiver i Capmare meiner forslaget om grunnrenteskatt ikkje er rettferdig.

- Ikkje å vite har ein stor pris

- Ville du akseptert å betale skatt som om du tente 500.000 kroner medan di faktiske løn var 400.000? Ikkje det nei. Vel, det er det lakseoppdrettarane no risikerer, skriv Joar Grindheim i et innlegg.

Noko av det verste med regjeringas forslag om grunnrenteskatt er at ingen veit dei langsiktige konsekvensane for norsk lakseforedling. Er det ein ting alle som driv foredling av laks i Noreg tenkjer på no, er det om dei må permittere dei tilsette frå nyttår eller ikkje.

Årsaka er enkel, dei anar ikkje om dei får nok råstoff til å halde industrien i gang, kva pris dei må betale for den, eller kva pris dei vil få for dei ferdige produkta sine. Det siste kan dei nok få til, men det hjelper lite når det er svært stor risiko for at prisen dei må betale for råstoffet vil variere svært mykje og til og med ligge langt over nivået dei kan betale for å sitje igjen med ein liten margin til å vidareutvikle bedrifta og å ha avkasting på investeringane sine.

Å akseptere eit prinsipp om at normpris er det ein skal skatte av ville ingen vanlege skattebetalarar funne seg i. Det vil jo bety at ein som tener 400.000 i året og ein som tener 600.000 i året begge skal skatteleggjast som om dei tente ein halv million. Det vil ingen meine er rettferdig.

Ingen bedrifter permitterer med lett hjarte, og påstandar om at dette er tomme trugslar blir heilt feil. Å ta eit slikt grep etter at ein i årevis har jobba for å få tak i nok kvalifiserte folk til å drive foredling inneber ein stor risiko for bedriftene. Dei tilsette vil raskt starte å sjå seg om etter nye jobbar, og i dagens arbeidsmarknad er det gode moglegheiter utanfor lakseforedling. Mange av dei tilsette er i tillegg tilflyttarar og vil lettare enn andre kunne flytte på seg igjen dersom det er naudsynt for å ha ein trygg jobb. Verst er det for dei som heile livet har budd på same plass og som har halde fram med å bu der fordi laksenæringa gav dei jobb.

Å vite kva konsekvensane av det nye skattesystemet vil bli, vil i verste fall ta fleire år. I mellomtida er det ingen som vil våge å gjere nye investeringar i lakseforedling i Noreg. Vert normprisen ståande som det oppdrettsselskapa skal leggje til grunn for utrekninga av grunnrenteskatten, vil ein truleg aldri kunne selje store volum av norsk laks på fastpriskontraktar. Denne delen av marknaden vil bli overtatt av andre produsentland og norsk laks er prisgitt ein svært volatil og ustabil spotmarknad. Det vil vere eit stort nederlag for norsk laksenæring dersom vi må importere laks frå Færøyane eller Skottland for å kunne tilby foredla laks i daglegvarebutikkane. Truleg vil resultatet vere at etter fleire år med kamp om større plass for laks og aure i butikkhyllene, vil plassen skrumpe inn til fordel for storfe, gris og kylling og sjømatkonsumet gå ned, ikkje berre i Noreg men også globalt.

Det er berre ein ting regjeringa kan gjere for å stoppe denne utviklinga, nemleg straks å fastslå at det er faktisk oppnådd inntekt som skal liggje til grunn for ein eventuell grunnrenteskatt. Då vil ikkje berre dei som oppnår ein lågare pris enn normpris betale rett skattenivå, men også dei som oppnår ein høgare pris.

Når ein tek med at oppdrettsnæringa allereie betalar ekstraskatt i form av arealavgift og vederlag for nye konsesjonar, slik det breie skatteforliket i 2019 medførte, er det uforståeleg at regjeringa set så mykje i spel som dei har gjort denne hausten. Hadde regjeringa i statsbudsjettet lagt opp til ei større mellombels auke i produksjonsavgifta enn dei gjer, ville det truleg vor langt lettare å få aksept for og laga mykje mindre støy enn dagens forslag gjer. Og utan eitt breitt forlik i Stortinget, risikerer ein at det nye skattesystemet vert forkasta eller endra allereie etter neste stortingsval.

Men for Vedum og Støre ligg det tydelegvis langt inne å gå ut og stoppe raset av industriarbeidsplassar i lakseindustrien gjennom enkelt å seie at det er faktisk oppnådd inntekt for kvart enkelt selskap som skal liggje til grunn for grunnrenteskatten. Det ville jo vere å bøye av for den såkalla «lakselobbyen», eller som andre ville sagt, industriarbeidarane som går i fakkeltog og protesterer med utestemme for å redde sin eigen arbeidsplass og eiga framtid.