Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Har fullt rev i segla – Forberedar høgsesong

Dagleg leiar Erlend Haugarvoll i Hardangerselskapet Lingalaks fortel om låge lusetal, men forberedar seg på at dette kan snu. - Vi har fullt rev i segla for å klargjere oss for høgsesong, sier han til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi har gjort mykje for å ha ein god start på høgare temperaturar og høgare utfôring, seier Haugarvoll, på spørsmål om kva som er hovedfokuset til selskapet om dagen.

Utviklingsløyver er interessant

Haugarvoll vil ikkje seia noko om dei vil søkja om utviklingsløyver eller ikkje, men fortel til kyst.no at det er interessant.

Anlegg i Hardangerfjorden. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Heile 23 selskap har per dags dato søkt om utviklingløyver. Sjå oversikta her.

Les også: Status utviklingskonsesjoner – Innovasjonsbølgen slår inn over oppdretterne

- Å få til utvikling er eit fokus for å imøtegå den stadig aukande etterspurnaden etter sjømat. Å få til noko slikt er interessant, seier han til kyst.no.

2015 året er historisk 

Fjorårets driftsresultat, er ifølgje Haugarvoll det beste året produksjonsmessig og omsetningsmessig for selskapet.

- Utgiftene auka også, der me hadde fokus på å klare omstillinga til metoder utan bruk av kjemikaliar, seier Lingalaks-ledaren.

Kva nøyaktig driftsresultata endte på, vil han førebels ikkje sei noko om.

Les også: Oppdrettarar går saman om investering mot lakselus

Gode lusetal

Selskapa kan fortelja at dei har gode lusetal og har lite påslag av lus på lokalitetane i Hardanger. Lingalaks har mellom anna investert i rensefisk frå Ryfylket og LED-lys styring for å få bukt med lusa.

Den største investeringen dei har gjort innan ikke-medikamentelle løysningar er varmtvannsbehandling med Thermolicer. Der dei har gått saman med selskapa Tombre Fiskeanlegg, Eide Fjordbruk og investert nær 30 millionar kroner i ein flunkande ny Thermolicer.

Thermolicer i drift hos Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland

- Me vonar at avlusing med maskina skal være fyrste prioritet for å sleppe anna lusebehandling, uttalte Haugarvoll, til kyst.no tidligare i år.

Han seier vidare at dei for tida klarar å levere veldig låge lusetal.

- Vi har hatt fokus på ikkje medikamentelle metoder og jamt lågt lusenivå. Vi punktavlusar for å unngå at lusenivået byggjer seg opp i anlegget. Det gjer at vi klare å liggja jamt lågt med desse strategiane.

I høgsesongen frå juli til oktober, seier Lingalaks-ledaren at dei får dei hjelp av naturen i fjordstrøk rundt anlegga.