– Rømming og gyting i merd er dei største miljørisikoane
Det kjem fram i ei ny risikovurdering av kva miljøeffektar torskeoppdrett har på kysttorsk.
– Kva genetisk effekt ei rømming får, vil vere avhengig av både mengde rømt fisk og kva tilstand kysttorsk-bestanden i området er i, seier forskar Nina Sandlund som er ansvarleg for arbeidet med denne risikovurderinga, i ei sak hos Havforskningsinstituttet.
Dei siste åra har det vore få, men store rømmingar frå oppdrettsanlegg for torsk.
– Samstundes er det usikkerheit om tala på rømt fisk, dei er truleg noko større enn det som er rapportert. Frå lakseoppdrett veit vi at talet på rømlingar er høgare enn det som vert rapportert, og det er truleg også tilfelle for oppdrettstorsk, seier ho.
Veit ikkje kor stort problemet er
I tillegg kan torsk «rømme» ved å gyte i merden. Etter gyting kan dei befrukta egga drive ut av anlegget og fortsette utviklinga på same måte som egg frå villtorsk.
– Slike «rømmingar» er vanskelege å talfeste, men vi veit at dei skjer. Det er observert både kjønnsmoden og gyteklar oppdrettstorsk i merdane.
Akkurat kva effekt slike rømmingar vil ha for kysttorsken, er ukjent – men forskarane trekk parallellar mot rømt oppdrettslaks.
– Vi har ikkje nok kunnskap om kva genetiske eigenskapar som vert overført frå oppdrettstorsk til villtorsk, men ut frå erfaringa med lakseoppdrett, er det grunn til å tru at dei kan ha negativ effekt.
Viktig å hindre rømming og utslepp av befrukta egg
Forskaren påpeikar at risikoen for negativ genetisk påverknad er avhengig av tilstanden til kysttorsk-bestanden i det ramma området.
– Dersom villtorsk-bestanden er i god forfatning, vil den genetiske påverknaden truleg vere mindre enn om bestanden er i dårleg forfatning, seier Sandlund.
Sjølv om det er stor usikkerheit rundt kva effektar rømt oppdrettstorsk vil ha på villtorsk, påpeikar forskarane at det er viktig å hindre rømming og utslepp av befrukta egg.
– Vi veit at næringa jobbar aktivt med tiltak mot dette, men vi ser også at det er eit stykke igjen til dei er i mål.
Foreløpig er mengda oppdrettstorsk så lita, at risikoen for påverknad er størst på lokalt nivå og i enkelte fjordar.
Kva med sjukdomar?
Forskarane har også vurdert risikoen for negative effektar på kysttorsk når det gjeld sjukdom frå oppdrettstorsk.
– Med dagens oppdrettsvolum så vurderer vi risikoen som lav.
Dersom produksjonen av torsk aukar utover mengda det er tatt høgde for i risikovurderinga, antar Sandlund at situasjonen kan endre seg.
– Ved ei større auke i produksjonen, er det sannsynleg at det vil oppstå meir sjukdom også hos oppdrettstorsken. Om det er dei same smittestoffa som vi kjenner til i dag, eller om det kjem til å dukke opp nye, er ikkje mogleg å svare på, seier ho.
Kunnskapen aukar – og nye risikoar dukkar opp
Sidan førre risikovurdering på torsk i 2022, er det gjort målretta forsking for å auke kunnskapen. Likevel er det framleis fleire kunnskapshol.
– Vi har fått meir kunnskap om kjønnsmodning hos oppdrettstorsk og gyting i merd, men har framleis ikkje nok kunnskap om kor mange av dei «rømte» egga som endar opp som gyteklare vaksne individ – det er først då dei kan bli ein risiko for villtorsken når det gjeld genetisk innblanding, seier Sandlund.
Også bruk av kunstig lys er inkludert i risikovurderinga.
– Mange brukar kunstig lys for å unngå at fisken blir kjønnsmoden, men vi ser at det kan ha nokre uheldige effektar.
Ho trekk mellom anna fram at kunstig lys kan føre til at kysttorsk blir trekt mot oppdrettsanlegga og endrar åtferd.
– Foreløpig har vi ikkje nok kunnskap om dette. Det tar tid å byggje opp slik kunnskap, og det vil også vere nødvendig å identifisere og prioritere dei viktigaste kunnskapshola for å sikre ei berekraftig utvikling av denne næringa, avsluttar Sandlund.