Gå til innhold
Annonse
Roar Landøy i familiebedrifta Landøy Fiskeoppdrett er glad for Global GAP-sertifiseringen og seier dei produserar ein ettertrakta laks. Foto: Landøy Fiskeoppdrett.
Roar Landøy i familiebedrifta Landøy Fiskeoppdrett er glad for Global GAP-sertifiseringen og seier dei produserar ein ettertrakta laks. Foto: Landøy Fiskeoppdrett.

Landøy Fiskeoppdrett er no blitt Global GAP-sertifisert. – Dette gjer at eksportøren vår lettare kan selje laksen, seier Roar Landøy. 

Annonse

Landøy Fiskeoppdrett har tre oppdrettsløyver og driv oppdrett av laks og aure, på Værlandet i Askvoll kommune. Selskapet fekk nyleg gladmeldinga om at dei har blitt godkjend og er no Global GAP-sertifisert. 

Nytt kvalitetsstempel 

Roar Landøy i selskapet seier til Kyst.no at han er nøgd med å ha fått på plass kvalitetsstempelet som jo ei slik sertifisering er. 

- Dette gjer at eksportøren vår Norwell som har vore pådrivaren for at me skal få dette til, kan lettare selje fisken vår og kome inn på nye marknadar. Me får jo også eitt betre kvalitetsstempel på laksen vår, seier han. 

Nokon av dei tilsette karane i Landøy Fiskeoppdrett. Foto: Landøy Fiskeoppdrett.
Nokon av dei tilsette karane i Landøy Fiskeoppdrett. Foto: Landøy Fiskeoppdrett.

Andre fordelar er at dei muligens kan få meir pengar for laksen sin, og Landøy seier dei ikkje minst no kan lettare kome inn på den engelske marknaden ettersom dei har svært strenge krav i forhold til sertifisering og ynskjer Global GAP-merket.

- Me har brukt rundt eitt år på å få dette på plass. Det er ei omfattande liste ein skal ha godkjend av DNVGL, før sertifiseringa er på plass, fortel Landøy. 

Landøy påpeikar at dei produserar ein ettertrakta laks. 

- Spesielt Tyskland vil ha laks frå Sogn og Fjordane og spesielt då frå oss, seier han nøgd.  

- Kan tilby sertifisert fisk frå våre eigne

Eksportør Norwell skriv at dei gratulerer med sertifikat.

Landøy Fiskeoppdrett:

  • Familieselskapet Landøy Fiskeoppdrett vart stifta i 1982 og har 8 tilsette.
  • Selskapet held til på Værlandet og driv fire lokalitetar i området, og gjer både vår- og haustutsett.
  • Selskapet er eigd av brørne Helge, Roar og Kjell Landøy. 
  • Landøy Fiskeoppdrett AS er partnar i Havbrukspartner, og var med og starta forløparen Norwell Group.

- Nyheita blei godt motteke her på Norwell og selgerane gledar seg til å kunne tilby kundane sertifisert fisk frå våre eigne. Godt jobbet Eli Tove og Roar og alle dei andre, skriv selskapet på Facebook. 

Les også desse tidlegare sakane om selskapet: 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse